Commoners Crown er det sjuande studioalbumet til det britiske folkrockbandet Steeleye Span, utgjeve i 1975. Det nådde 21. plassen på den britiske albumlista.
Albumtittelen syner til ein skulptur som vart laga av Shirtsleeves Studio. Skulpturen består av hundrevis av ørsmå menneskefigurar sett saman til ei krone. Dette er avbilda på omslaget.
Skildring På denne tida hadde bandet fullt utvikla ein rockestil som kan samanliknast med Jethro Tull i folkrockfasen deira. Fleire av songane har tung tromming og tunge gitarriff, men materialet består nesten utelukkande av tradisjonell folkemusikk, utanom «Bach Goes to Limerick», som var eit forsøk på å blande klassisk Bach-fiolin med tradisjonelt irsk felespel.
Den første songen, «Little Sir Hugh», er basert på ein mellomaldersong om Little Saint Hugh of Lincoln, ein gut på 1200-talet som visstnok vart drepen av nokre jødar. Den originale songteksten er sterkt antisemittisk, men bandet fjerna desse antisemittiske elementa.
I tillegg til opningssporet var favorittane blant fansen på albumet «Long Lankin», den lengste songen bandet hadde spelt inn til då med ei lengd på nesten ni minuttar, og «Demon Lover».
Bandet inviterte komikaren og skodespelaren Peter Sellers til å spele ukulele på avslutningssporet, «New York Girls».
Innhald Alle songane er tradisjonelle, utanom der anna er nemnt.
Medverkande Maddy Prior - vokal Tim Hart - vokal, gitar, appalachian dulcimer Bob Johnson - vokal, gitar Rick Kemp - bassgitar, trommer Peter Knight - fiolin Nigel Pegrum - trommer, fløyte
Gjestemusikar Peter Sellers - ukulele på «New York Girls»
Teknisk Produsentar: Steeleye Span og Robin Black Lydteknikar: Roger Quested og Robin Black Assisterande lydteknikar: Dave Harris Miksing: Robin Black Design - Shirtsleeves Studio
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Commoners Crown» frå , den 18. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Steeleye Span-album Kategori:Album spelte inn i Morgan Sound Studios