thumb|SeaDrill West Epsilon ved Rosenberg Verft i 2009 SeaDrill () er eit føretak eigd av skipsreiaren John Fredriksen. Selskapet er registrert på Bermuda. Soge SeaDrill vart oppretta i 2005 for å driva Frediksen si satsing på flytande oljeriggar. Til å byrje med hadde føretaket tre eldre jekk-opp boreriggar og ein opsjon på å kjøpe to flytande produksjonsskip frå Fredriksen-føretaket Aktiv Kapital. I mai 2005 kjøpte SeaDrill 32,5% av aksjane i det indonesiske rigg-føretaket PT Apexindo for US $ 45,9 mill. I juni 2005 kjøpte SeaDrill føretaket Odfjell Invest for 1,36 mrd kroner frå Odjfell-familien. I same månad prøvde SeaDrill også å kjøpe Petrojack. Tilbodet vart endå avvist som for lågt, og SeaDrill enda med å selje aksjeposten på 7%. Vidare i juni gjorde morføretaket til SeaDrill, Seatankers Management Co. Ltd., ei EPC-avtale med SembCorp sitt Jurong-verft om levering av to F&G ExD riggar i 2008. Avtala hadde ein verdi på US $ 780 millionar; den største nybyggingsavtala for verftet nokon sinne. Før jula 2005 kjøpte amerikanske Noble Drilling seg opp til 39,5% av aksjane i Smedvig ASA, og ein venta at dei kunne gje bod på heile føretaket. Kort tid etter kjøpte SeaDrill nok aksjar til å kunne blokkere eit oppkjøp. Seint i januar 2006, vart det kjend at SeaDrill hadde kjøpt meir enn halvdelen av aksjane i Smedvig ASA, og slik fekk kontroll over føretaket. Smedvig vart verdsett til NOK 15 milliardar. SeaDrill kjøpte i laupet av våren 2006 resten av aksjane i Smedvig, og 1. juni 2006 vart selskapa fusjonert under namnet SeaDrill. I februar 2006 kjøpte SeaDrill også Mosvold Drilling for 2,5 mrd kroner. Styret meinte prisen var for låg, men SeaDrill klarte å kjøpe meir enn 50% av aksjane, kasta styret og bydde på heile føretaket. Med Mosvold Drilling følgde det to inngåtte avtalar om bygging av 6. generasjons Samsung S10000E boreskip hjå SHI, med ein opsjon på eit tredje.
Gjennom oppkjøpet av Smedvig fekk SeaDrill også ein 50% del av Eastern Drilling. Gjennom bruk av særskilte TRS-avtalar med meklarhuset Pareto gjekk eigardelen til SeaDrill, i følgje Oslo Børs, over grensa som gjev plikt til å gje bod på heile føretaket. Dette pliktige tilbodet gjekk føre eit frivillig bod frå SeaDrill på 92 kr per aksje i september 2006, eit bod som også vart avvist av styret som for lågt. Oslo Børs vann fram, og SeaDrill vart tvungne til å tilby minoritetsaksjonærane 135 kr per aksje i april 2007, noko som verdsette føretaket til ca 5,2 mrd kroner. Eit seinare skadebotssøksmål på 850 millionar kr frå SeaDrill mot Oslo Børs førte ikkje fram. Med oppkjøpet av Eastern Drilling tok SeaDrill over avtalar om levering av to nøkkelferdige halvt-nedsøkkbare boreriggar av typen Moss CS50 MkII-DP frå Samsung Heavy Industries (seinare døypt som West Eminence og West Phoenix). Frå før hadde SeaDrill ei avtale med Eastern Drilling om marknadsføring, byggetilsyn og drift av riggane.
venstre|thumb|Oljelekkasje frå SeaDrill jekk-opp riggen West Atlas utanfor Australia, 28. august 2009I oktober 2007 selde SeaDrill sine 32,5% i PT Apexindo for ca. US $ 220 mill, med ein vinst på om lag US $ 150 mill. Den 13. desember kjøpte Aker Capital (eit heileigd dotterføretak av Aker ASA) seg opp til meir enn 40% i Aker Drilling, noko som utløyste krav om bod på alle aksjane. Dagen etter tilbaud SeaDrill 40,50 kroner aksja i Aker Drilling under føresetnad av å få gjere ein finansiell gjennomgang av føretaket og at dei fekk 90% tilslutning frå aksjonærane. Hovudaksjonæren, Aker Capital hadde då kjøpt ca 45% av aksjane, og godtok ikkje tilbodet. Styret i Aker Drilling nekta vidare SeaDrill å gjere ein finansiell gjennomgang (due dilligence), og SeaDrill selde seg heilt ut att. Aker Capital gav så eit vellukka bud på 39 kr per aksje, og tok selskapet av børs.
I april 2008 varsla SeaDrill at dei hadde kjøpt 9,9% av det konkurrerande amerikanske riggføretaket Pride. Kort tid etter varsla styret i Pride at dei gjennomførte ei finansiell giftpille - der eit oppkjøp på meir enn 10% av aksjane opna for ein retta emisjon mot dei andre aksjonærane, noko som evt. ville vatne ut SeaDrill sin del av føretaket.
Riggar Per 27. august 2009 har Seadrill dei følgjande riggane:
NamnTypeDesignMaks vassdjupnMaks boredjupnLevertVerftOppdragsstadKlientOppdragsstartOppdragssluttDagrate US$Førre dagrate US$West AlphaHalvt-nedsøkkbarMoss CS30 Ultra Yatzy600 m7000 m1986NKKNoregKonsortiumMai 2009April 2012479 000473 000West AquariusHalvt-nedsøkkbarGVA 75003000 m10 000 m4. kv. 2008DSMEIndonesiaExxonMobilFebruar 2009Februar 2013529 500Første oppdragWest CapricornHalvt-nedsøkkbarFriede & Goldman ExD 3050 m 11 400 m 4. kv. 2011 SembCorpSingaporeUnder byggingIngen kontraktWest EminenceHalvt-nedsøkkbarMoss CS50 MkII-DP3000 m9000+ m1. kv. 2009SamsungBrasilPetrobrasJuni 2009Juni 2015613 000599 000West HerculesHalvt-nedsøkkbarGVA 75003000 m10 000 m2. kv. 2008DSMEKinaHuskyNovember 2008November 2011531 000541 000West OrionHalvt-nedsøkkbarFriede & Goldman ExD 3050 m 11 400 m 2. kv. 2010 SembCorpBrasilPetrobrasJuli 2010Juli 2016613 000599 000West PhoenixHalvt-nedsøkkbarMoss CS50 MkII-DP3000 m9000+ m2008SamsungNoregTotalJanuar 2009Januar 2012513 000495 000West SiriusHalvt-nedsøkkbarFriede & Goldman ExD 3050 m 11 400 m 2. kv. 2008 SembCorpMexicogolfenDevonJuli 2008Juli 2014473 000Første oppdragWest TaurusHalvt-nedsøkkbarFriede & Goldman ExD 3050 m 11 400 m 4. kv. 2008 SembCorpBrasilPetrobrasFebruar 2009Februar 2015644 000629 000West VentureHalvt-nedsøkkbarMoss CS45 DP1800 m9000+ m2000HitachiNoregStatoilFebruar 2000Juli 2010258 000248 000West CapellaBoreskipSamsung S10000E3050 m11 430 m 4. kv. 2008SamsungNigeriaTotalMars 2009Mars 2014546 000Første oppdragWest GeminiBoreskipSamsung S10000E3050 m11 430 mMedio 2010SamsungSør-KoreaUnder byggingIngen kontraktWest NavigatorBoreskipDP Drillship2500 m9000+ m2000SamsungNoregShellJanuar 2009Desember 2012578 000560 000West PolarisBoreskipSamsung S10000E3050 m11 430 m2. kv. 2008SamsungBrasilExxonMobilOktober 2008Oktober 2011559 000West ArielJekk-oppKFELS 'B' Klasse122 m9144 m2. kv. 2008Keppel FELSVietnamVSPAugust 2009Oktober 2010142 000187 000West AtlasJekk-oppKFELS 'B' Klasse122 m9144 m3. kv. 2007Keppel FELSAustraliaCoogee ResourcesFebruar 2009Oktober 2009255 000316 000West CallistoJekk-oppKFELS 'B' Klasse122 m9144 mJuli 2010Keppel FELSSingaporeUnder byggingInnvilga betalingsutsettingUtan kontraktWest ElaraJekk-opp122 m9144 m4. kv. 2010SembCorp PPLSingaporeUnder byggingAvbestillingsopsjonUtan kontraktWest EpsilonJekk-oppMSC CJ62 S120120 m9100 m1993Keppel FELSNoregStatoilOktober 2006Desember 2010316 000147 500West JanusJekk-oppGusto100 m6500 m1985Rauma-RepolaMalaysiaPCPPOCAugust 2008Juli 2011149 500185 000West JunoJekk-oppKFELS 'B' Klasse122 m9144 m4. kv. 2010Keppel FELSSingaporeUnder byggingInnvilga betalingsutsettingUtan kontraktWest LarissaJekk-oppMSC CJ-5091 m6500 m1984Keppel FELSVietnamVietsoPetroMars 2009Desember 2009126 000183 500West LedaJekk-opp122 m9144 m1. kv. 2010SembCorp PPLSingaporeUnder byggingUtan kontraktWest ProsperoJekk-oppKFELS 'B' Klasse122 m9144 mJuni 2007Keppel FELSBatam-øya, IndonesiaKorttids-opplagWest TritonJekk-oppBaker Marine-375 Pacific Class114 m9144 mJuni 2007SembCorp PPLAustraliaPTTEP AustraliaAugust 2009Oktober 2009175 000OpplagWest AllianceSemi TenderKeppel2000 m9144 m2001Keppel FELSMalaysiaShell95 000West BeraniSemi TenderKeppel2000 m9144 m2006Keppel FELSIndonesiaConocoPhilips165 000West Berani IIISemi TenderKeppel2000 m9144 m1. kv. 2011Keppel FELSSingaporeUnder byggingWest MenangSemi TenderKeppel2000 m9144 m1999Keppel FELSRepublikken KongoTotal127 000West PelautSemi TenderKeppel2000 m9144 m1994Keppel FELSBruneiShell140 000West SetiaSemi TenderKeppel2000 m9144 m2004Keppel FELSAngolaChevron163 000West VencedorSemi TenderKeppel2000 m9144 m1. kv. 2010Keppel FELSChevron200 000T3Tender RigRobray122 m6096 m1980Robin ShipyardThailandPTT83 000T4Tender RigRobray122 m6096 m1981Robin ShipyardThailandChevron101 000T6Tender RigRobray122 m6096 m1982Robin ShipyardThailandCarigali101 000T7Tender RigRobray122 m6096 m1983Robin ShipyardThailandChevron58 000T8Tender RigSmedvig Super Class122 m6096 m1982Marathon LeTourneauRepublic of CongoTotal125 000T9Tender RigSmedvig Super Class2000 m9144 m2004MSEMalaysiaExxonMobil115 000T10Tender RigSmedvig Improved Super Class2000 m9144 m2007MMHEThailandgolfenCarigaliHess86 000T11Tender RigSeadrill Improved Super Class2000 m9144 m2009MMHEThailandChevron134 000T12Tender RigSeadrill Improved Super Class2000 m9144 m1. kv. 2010MMHEMalaysiaUnder byggingTeknik BerkatTender RigSuper Class152 m6096 m1990Robin ShipyardMalaysiaPetronasCarigali121 000
Kjelder
Bakgrunnsstoff www.seadrill.no www.smedvig.no
Kategori:Petroleumsverksemd Kategori:Norske føretak Kategori:Skipingar i 2005