Live at Last er eit konsertalbum av det britiske folkrockbandet Steeleye Span. Det er det første konsertalbumet dei gav ut etter å ha spelt i lag i åtte år og gjeve ut ti studioalbum. Det var opphavleg meint som eit farvellalbum.

Det er eit av berre to album bandet gav ut med John Kirkpatrick som medlem i bandet (om ein ser bort frå det seinare konsertalbumet The Journey), og er derfor òg berre eit av to album med trekkspel som hovudinstrument. Fleire av songane på albumet er nye songar som ikkje var gjevne ut på studioalbum tidlegare.

Innhald Alle songane er tradisjonelle, bortsett frå der anna er nemnt.

Medverkande

Maddy Prior - vokal Tim Hart - vokal, gitar Martin Carthy - vokal, gitar Rick Kemp - bassgitar, vokal John Kirkpatrick - vokal, trekkspel Nigel Pegrum - trommer

Teknisk Mike Thompson - lydteknikar Scott «Colac» Thompson - konsertlyd Mike Thompson, Tim Hart - miksing

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Live at Last av Steeleye Span» frå , den 19. april 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Steeleye Span-album Kategori:Konsertalbum frå 1978 Kategori:Chrysalis Records-album