Odd Horn Grythe () var ein norsk journalist og filmmedarbeidar.
Karriere Grythe vart tilsett i NRK i 1958 som programleiar, først i radio og frå 1961 i fjernsynet, der han arbeidde til 1986. Han leidde Melodi Grand Prix 1960 saman med Erik Diesen i februar 1960 og deretter opningsshowet til fjernsynet, Startskuddet som gjekk i august same år. Deretter var han å sjå i programmet På direkten.
Grythe var programleiar for dei seks første utgåvene av Melodi Grand Prix. I 1960 og 1961 leidde han finalen saman med Erik Diesen, medan han leidde sendingane åleine i 1962, 1963, 1964 og 1965.
Grythe vert nok hugsa best som mangeårig programleiar for programserien Husker du?, som vart sendt på 1970- og 1980-talet, der eldre vart underhaldne i studio og via fjernsyn med songar og underhaldning frå tidlegare tider. I 1981 var han programleiar for spørreleiken Fem rette.
Han var gift første gong med regissøren Kirsten Sørlie og andre gong med NRK-programleiaren Ada Haug. Med Sørlie fekk Grythe dottera Hilde Grythe, som er skodespelar.
Bøker
Filmar 1988: Folk og røvere i Kardemomme by – Musikklærer Andersen 1959: Jakten 1958: Salve Sauegjeter
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Odd Grythe» frå , den 20. april 2019.
Kategori:Folk frå Lillehammer Kategori:Programleiarar for NRK Kategori:NRK-journalistar