Sunniva Gylver () er ein norsk prest som vart vigsla som biskop i Oslo bispedømme i 2025.

Gylver er også forfattar og har tidlegare vore programleiar for fleire livssynsprogram på TV 2 og NRK.

Bakgrunn Gylver er utdanna teolog ved Menighetsfakultetet og har i tillegg mellomfag i sosiologi. Frå 1997 til 2003 jobba ho som studentprest ved Høgskolen i Oslo. I 2003 vart ho tilsett som kapellan ved Grønland kyrkje i Oslo. I 2005 vart ho redaktør for bladet Luthersk Kirketidende, som vert utgjeve av Luther Forlag.

Karriere i kyrkja Prest Gylver byrja yrkeskarrieren som ungdomsprest i Røa og Voksen (1996–1997) og var deretter studentprest ved Høgskolen i Oslo (1997–2003). Ho vart tilsett som kapellan i Grønland menighet i Oslo Domprosti i 2003.

I 2006 vart Gylver den første kvinnelege presten til å tala i ein norsk moské.

Då hp vart utnemnd til biskop i Oslo, var ho sokneprest i Fagerborg kyrkje.

Biskop 5. desember 2024 vart Gylver vald til ny biskop i Oslo bispedømme. Ho vart vigsla 23. februar 2025 med kong Harald til stades.

Programleiar, skribent og forfattar I 1996 leidde Gylver livssynsprogrammet Nåde den som tror på TV 2. Ho fekk programleiaroppdraget på bakgrunn av at vart intervjua i fyrste sesong av programmet. Då gjorde hp så sterkt inntrykk på medprogramleiaren Espen Sletner at han tilbaud henne jobben då programleiaren Per Anders Nordengen fekk andre oppgåver. Ho leidde seinare to andre livssynsseriar, ein på TV 2 og ein på NRK.

Ho gav ut boka Åpen himmel i 2000, og var medforfattar av De store ordene (2006) og Kunsten å bruke følelser (2007).

Gylver var redaktør for bladet Luthersk Kirketidende frå 2005 til 2014, og vore spaltist i Aftenposten, Vårt Land og vekebladet Familien.

Ho vart stipendiat ved MF vitenskapelig høyskole i 2013, og har verka som universitetslektor same stad.

Privatliv

Gylver var gift med kunstnaren Lars Kristian Gylver (1966-2021) frå 1988 til han døydde. Dei fekk tre born saman, blant dei miljøaktivisten Gina Gylver.

Bøker 2000: Åpen himmel 2006: De store ordene – medforfattar 2007: Kunsten å bruke følelser – medforfattar 2009: Søndager med Sunniva 2019: Tro på tvers – medforfattar 2022: Midt i alt som er, Kagge forlag 2024: Himmel på jord. Tanker for julen, Kagge forlag – illustrert av Anne Kristin Hagesæther

Fjernsynsseriar

1996: Nåde den som tror (livssynsserie), TV 2 1997: Deilig er jorden (livssynsserie), TV 2 1999: Kassa blanka (livssynsserie), NRK

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sunniva Gylver» frå , den 25. april 2019 og 26. april 2025.

Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Norske lutherske prestar Kategori:Norske programleiarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar