Solan Gundersen er ein figur frå forteljingane til Kjell Aukrust om livet i Flåklypa. Solan er eit «opportunistisk eksemplar av hakkespettslekten». Han vart ruga ut av egget i eit ospetre nær Glåma. Han er evig optimist, og har alltid filttøflar og strikkeskjerf på seg, og har ikkje særleg høg moral. Det klassiske utbrotet hans er: «Nei, dra meg nå baklengs inn i fuglekassa!»
Kjell Aukrust hevda at Solan og Ludvig var sider av han sjølv. Solan var typisk for haldninga hans i ungdomstida, medan Ludvig var typisk for den meir aldrande forfattaren, som var redd for det meste. Dei to var omtala som «guttene», og var å rekne som «born» i heimen hjå Aukrust. Då Kjell Aukrust døydde, stod dei båe oppførte i dødsannonsen som næraste pårørande.
Kjelder
Kategori:Kjell Aukrust Kategori:Oppdikta nordmenn Kategori:Oppdikta fuglar