Douglas Fairbanks jr. () var ein amerikansk skodespelar fødd i New York.
Han var son av Douglas Fairbanks sr. og den første kona hans, Anna Beth Sully. Då han var 10 år vart foreldra skilte. Douglas jr. budde saman med mor si i kortare periodar i Paris, London og California.
I 1923 blei den 13 år gamle Fairbanks jr. gjeven ein kontrakt med Paramount Pictures, mykje på grunn av namnet til faren. Produsenten Jesse L. Lasky sa at han var ein «typisk amerikansk gut på sitt beste», og truleg kom til å spela i ein film om Tom Sawyer. Far hans var ikkje nøgd, og meinte sonen heller burde fortsetja skulegangen. Tom Sawyer blei ikkje laga, men i staden debuterte Fairbanks jr. i Stephen Steps Out (1923). Filmen blei ingen stor suksess.
Han fekk biroller av Paramount i The Air Mail (1925) og Wild Horse Mesa (1925). Sam Goldwyn lånte han til ei ungdomsrolle i Stella Dallas (1925), og dette blei den fyrste kassasuksessen hans.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Douglas Fairbanks jr.» frå , den 7. mai 2019.
Denne artikkelen bygger på «Douglas Fairbanks jr.» frå , den 6. desember 2023.
Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:Folk frå New York City