Thor Bjarne Bore () var ein norsk redaktør og politikar for Venstre.

Bore vart fødd i Molde. Han er utdanna cand.mag frå Universitetet i Oslo med fagkretsen matematikk, astronomi og historie.

Bore var redaktør i Romsdals Budstikke frå 1966 til 1970, og vart sjefredaktør i Vårt Land i 1974. Der vart han til 1983, då han vart sjefredaktør i Stavanger Aftenblad. Han sat i stillingatil 2000, og var også adm. direktør frå 1991).Thor Bjarne Bore i Store norske leksikon

Han var gift med journalisten Marie Rein Bore. Dei hadde to søner som også gjekk inn i journalistikken – Bjørn Kristoffer Bore, som følgde far sin og i 2019 vart ny sjefredaktør i Vårt Land, og pressemannen Geir Åre Bore.

Bore var styreleiar i Kirkens Nødhjelp (2001–2006) og leier av Kirkerådet (2002–2006), leiar av TV2-utvalet (1983–85), medlem av Ytringsfridomskommisjonen (1997–1999), Innsynsutvalget (2000–2008), styret i Statistisk sentralbyrå (2000–2008), styret i NRK (2002–2006) og redaktør i The Norseman (2001–2007).

Han mottok Kongens fortenestemedalje i gull i 2005.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Thor Bjarne Bore» frå , den 27. mai 2019. Fotnotar

Bakgrunnsstoff Bloggen til Thor Bjarne Bore

Kategori:Folk frå Molde Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Lokalpolitikarar i Stavanger Kategori:Venstrepolitikarar i Rogaland Kategori:Norske redaktørar