Leif Bjorholt Burull () var ein norsk jurist fødd i Langesund og oppvaksen i Oslo, stortingsrepresentant 1945-49 for Høgre og kjøpstadene i Hedmark og Oppland.

Burull var son til ein sløydlærar. Sjølv studerte han jus ved Universitetet i Oslo, ferdig utdanna cand.jur. i 1920. Frå 1921 til 1923 var han dommarfullmektig i Sør-Hedmark, deretter fullmektig hos sakførar på Hamar til 1927. Sidan dreiv han eiga sakførarforretning på Hamar fram til 1971. Perioden 1950-65 var han offentleg oppnemnd forsvarar i domssokna Nord-Hedmark og Sør-Hedmark. Han hadde elles mange styreverv, så som styreformann i Hamar Sparebank frå 1955 til -71 og i Hamar Stiftstidende frå 1950 til -69.

Burull engasjerte seg i politikken for partiet Høgre og var medlem i Hamar bystyre i tida 1934–47. Han var formann i skulestyret 1939-41 og 1945-46. Hausten 1945 vart han vald til å representere kjøpstadene Hamar, Kongsvinger, Lillehammer og Gjøvik på Stortinget 1945-49. På Tinget var han medlem i Veg- og jarnbanekomiteen.

Burull var interessert i slektshistorie og gav ut fleire slektsskrift. Han var formann 1943-57 i Hedmark slektshistorielag.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for byane i Hedmark og Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Lokalpolitikarar i Hamar Kategori:Høgrepolitikarar i Hedmark Kategori:Norske juristar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Hamar