Eurovision Song Contest 2006 (ESC 2006), offisielt 51. Eurovision Song Contest, var den 51. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten i Hellas. Semifinalen fann stad 18. mai 2006 og finalen fann stad 20. mai 2006. Finland vann tevlinga med songen «Hard Rock Hallelujah», framført på engelsk av Lordi. «Hard Rock Halleluja» vart den fyrste rockesongen som vann tevlinga, sidan Eurovision ofte vert assosiert med pop og schlager. Det var fyrste gongen Finland vann etter å ha delteke i 45 år. Programleiarane var den greske songaren Sákis Rouvás, som representerte Hellas i 2004 og 2009, og den gresk-amerikanske programleiaren og skodespelaren María Menoúnos. I semifinalen song Rouvás og Menoúnos «Love Shine A Light», vinnarsongen til Katrina and the Waves frå 1998. Rouvás framførte òg ein engelsk versjon av hans greske hit «S'ékho erotefthí» kalla «I'm In Love With You». Élena Paparízou som vann Eurovision Song Contest 2005 i Kiev i Ukraina framførte vinnarsongen «My Number One» samt «Mambo!». Ein offisiell CD og DVD vart gjeve ut og ein ny introduksjon var ein offisiell fanbok gjeve ut frå dette året, og kvart år for å kome med detaljert informasjon frå kvart land.

Song nummer 1 000 i tevlinga, «Every Song Is a Cry for Love», vart framført av Brian Kennedy for Irland i semifinalen. Armenia deltok i tevlinga for fyrste gong.

Format Visuelt design Den offisielle logoen var lik den som vart nytta i 2004 og 2005, men flagget i hjartet vart bytta ut med det greske flagget. Logoen vart sett saman av den offisielle logoen samt ein del laga av designbyrået Karamela. Ifylgje Ellinikí Radiofonía Tileórasi (ERT) var den «inspirert av vinden og sjøen, den gylne sol og gløden av sand». Etter at Istanbul hadde vald mottoet «Under The Same Sky» og Kiev hadde vald «Awakening» vart mottoet i 2006 «Fel The Rhythm». Dette vart òg nytta som grunnlag for postkorta som vart syna før kvar framføring, som understreka den historiske tydinga til Hellas samt at landet er eit stort moderne turistmål.

Røysting For å spare tid i finalen fekk ein berre røyste i ti minutt og då poenga vart lest opp vart dei sju fyrste poenga syna på skjermen i staden for. Talspersonane las berre opp poenga 8, 10 og 12. Sjølv om ein fekk ned tida under vart det framleis fleire problem under røystgjevinga. Då Nederland skulle gje poeng gjekk Menoúnos av scena og bak til green room. På grunn av problem med mikrofona fekk ikkje Rouvás kontakt med ho. Det var òg problem med lasting av resultattavlar av di dei hang seg opp og programleiarane og talspersonane byrja å prate før dei vart syna på skjermen. Den nederlandske talspersonen Paul de Leeuw laga òg problem då han gav mobilnummeret sitt til Rouvás og nytta meir tid då han las opp dei fyrste sju poenga. Khonstantínos Khristofórou, som representerte Kypros i 1996, 2002 og 2005, helsa frå «Nikosia, den siste delte hovudstaden i Europa». Då Kypros las opp poenga syna sendinga at poenga kom frå Sveits. Røystinga vart òg kritisert av di ein berre las opp dei tre poeng i staden for alle ti. For fyrste gong vart Makedonia presentert som «Former Yugoslav Republic of Macedonia» i staden for med forkortinga «FYR Macedonia» eller «F.Y.R. Macedonia». Etter 2006 har Makedonia berre vorte presentert som «F.Y.R. Macedonia».

Bidraga Semifinalen I semifinalen deltok 23 land: Dei ti dårlegaste plasserte landa frå finalen i 2005 og tolv av landa som ikkje kvalifiserte seg frå semifinalen i 2005. I tillegg deltok debutantlandet Armenia. Nr.LandArtistSongOmsetjingSpråkPlassPoeng01André«Without Your Love»Utan kjærleiken dinEngelsk615002Mariana Popova«Let Me Cry»La meg gråteEngelsk173603Anžej Dežan«Mr Nobody»Eit nullEngelsk164904Jennifer Serrano«Sense tu»Utan degKatalansk23805Palina Smolava«Mum»«Mamma»Engelsk221006Luiz Ejlli«Zjarr e ftohtë»Brann og kaldtAlbansk145807Kate Ryan«Je t'adore»Eg forgudar degEngelsk126908Brian Kennedy«Every Song Is a Cry for Love»Kvar song er eit rop om kjærleikEngelsk97909Annét Artáni«Why Angels Cry»Kvifor englar grætEngelsk155710Séverine Ferrer«La Coco-Dance»Coco-dansenFransk, tahitisk211411Elena Risteska«Ninanajna»–Engelsk, makedonsk107612Ich Troje med Real McCoy«Follow My Heart»Følg hjartet mittEngelsk, polsk, tysk, russisk, spansk117013Dima Bilan«Never Let You Go»Let deg aldri gåEngelsk321714Sibel Tüzün«Süperstar»SuperstjerneTyrkisk, engelsk89115Tina Karol«Show Me Your Love»Vis meg kjærleiken dinEngelsk714616Lordi«Hard Rock Hallelujah»Hardrock-hallelujaEngelsk129217Treble«Amambanda»–Engelsk, kunstig språk202218LT United«We Are the Winners»Me er vinnaraneEngelsk, fransk516219Nonstop«Coisas de nada»Meiningslause tingEngelsk, portugisisk192620Carola«Invincible»UovervinnelegEngelsk417021Sandra Oxenryd«Through My Window»Gjennom vindauget mittEngelsk182822Hari Mata Hari«Lejla»LaylaBosnisk222923Silvía Night«Congratulations»GratulererEngelsk1362

Finalen Finalen vart kringkasta 20. mai 2006 frå Olymbiakό Kleistό Gymnastírio i Aten. Frankrike, Spania, Storbritannia og Tyskland, kalla dei fire store, og vertslandet Hellas var direktekvalifisert til finalen. Dei ti beste landa i finalen i Eurovision Song Contest 2005 og dei ti beste frå semifinalen i Eurovison Song Contest 2006 kvalifiserte seg til finalen. Totalt deltok 24 land i finalen. Serbia og Montenegro trekte seg frå tevlinga og vart bytta ut med Kroatia. Landet fekk røyste i finalen, men det var berre mogleg å røyste i Serbia. Under poengutdelinga sa Jovana Janković, som las opp poenga frå Serbia og Montenegrino, «som de veit så har me ingen song til dykk i år, men eg lovar at me vil gje dykk den beste neste år». Året etter vann Serbia telvinga og Janković fekk vere programleiar då tevlinga vart halden i Beograd i 2008.

Nr.LandArtistSongOmsetjingSpråkPlassPoeng01six4one«If We All Give a Little»Om vi alle gjev littEngelsk173002Arsenium med Natalia Gordienko«Loca»Sprø jenteEngelsk202203Eddie Butler«Together We Are One»Saman er vi éinHebraisk, engelsk23404Cosmos«I Hear Your Heart»Eg høyrer hjartet dittEngelsk163005Christine Guldbrandsen«Alvedansen»–Norsk143606Las Ketchup«Un Blodymary»En Bloody MarySpansk211807Fabrizio Faniello«I Do»Eg gjerEngelsk24108Texas Lightning«No No Never»Nei, nei, aldriEngelsk153609Sidsel Ben Semmane«Twist of Love»Twist av kjærleikEngelsk182610Dima Bilan«Never Let You Go»Let deg aldri gåEngelsk224811Elena Risteska«Ninanajna»–Engelsk, makedonsk125612Mihai Trăistariu«Tornerò»Eg kjem tilbakeEngelsk, italiensk417213Hari Mata Hari«Lejla»LaylaBosnisk322914LT United«We Are the Winners»Me er vinnaraneEngelsk616215Daz Sampson«Teenage Life»TenåringslivEngelsk192516Ánna Víssi«Everything»AltEngelsk912817Lordi«Hard Rock Hallelujah»Hardrock-hallelujaEngelsk129218Tina Karol«Show Me Your Love»Vis meg kjærleiken dinEngelsk714519Virginie Pouchain«Il était temps»Det var tidFransk22520Severina«Moja štikla»Mine stiletthælarKroatisk135621Brian Kennedy«Every Song Is a Cry for Love»Kvar song er eit rop om kjærleikEngelsk109322Carola«Invincible»UovervinnelegEngelsk517023Sibel Tüzün«Süperstar»SuperstjerneTyrkisk, engelsk119124André«Without Your Love»Uten kjærleiken dinEngelsk8129

Tidlegare deltakarar Deltakar Land Tidlegare år Tidlegare land Deltok som Plassering i tidlegare tevling Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass Ánna Víssi 1980 Artist 030 13 1982 Artist oglåtskrivar 085 05 Eddie Butler 1999 (del av Eden) Artist 093 05 Viktoras Diawara(del av LT United) 2001 (del av SKAMP) Artist oglåtskrivar 035 13 Fabrizio Faniello 2001 Artist 048 09 Michał Wiśniewski(del av Ich Troje) 2003 (del av Ich Troje) Artist oglåtskrivar 090 07 Justyna Majkowska(del av Ich Troje) 2003 (del av Ich Troje) Artist 090 07 Jacek Łągwa(del av Ich Troje) 2003 (del av Ich Troje) Artist oglåtskrivar 090 07 Carola 1983 Artist 126 03 1991 Artist 146 01 Ralph Siegel(med Mauro Balestri) 1974 (med Michael Kunze) Låtskrivar 014 04 1976 (med Kurt Hertha) Låtskrivar 012 15 1979 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 086 04 1980 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 128 02 1980 (med Bernd Meinunger,Pierre Delanoë og Jean-Paul Cara) Låtskrivar 056 09 1981 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 132 02 1982 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 161 01 1985 (med Bernd Meinunger ogJean-Michel Beriat) Låtskrivar 037 13 1987 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 141 02 1988 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 041 14 1990 (med Michael Kunze) Låtskrivar 060 09 1992 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 027 16 1994 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 128 03 1997 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 022 18 1999 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 140 03 2002 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 017 21 2003 (med Bernd Meinunger) Låtskrivar 053 11 Bernd Meinunger(med Ralph Siegel) 1979 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 086 04 1980 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 128 02 1980 (med Ralph Siegel,Pierre Delanoë og Jean-Paul Cara) Låtskrivar 056 09 1981 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 132 02 1982 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 161 01 1985 (med Ralph Siegel ogJean-Michel Beriat) Låtskrivar 037 13 1987 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 141 02 1988 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 041 14 1992 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 027 16 1994 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 128 03 1997 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 022 18 1999 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 140 03 2002 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 017 21 2003 (med Ralph Siegel) Låtskrivar 053 11 Željko Joksimović 2004 (med Ad Hoc Orchestra) Serbia og Montenegro Artist 263 02 263 01

Sjå òg Junior Eurovision Song Contest 2006 OGAE Second Chance Contest 2006

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eurovision Song Contest 2006» frå , den 9. mars 2013.

Fotnotar

Kategori:Musikktevlingar i 2006 2006 Kategori:Musikk i Aten Kategori:2006 i Hellas