DS «Taurus» (kallesignal JQCP) var eit dampskip bygt i 1902 som lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab ved Campbeltown Shipbuilding i Campbeltown. Skipet vart levert i juli 1902.
BDS hadde som tradisjon å namngje skipa sine etter fenomen og objekt på nattehimmelen. Taurus er det latinske namnet på stjernebiletet Tyren.
Historie «Taurus» vart bygt for ein kostnad på kring 336 450 kroner.
I januar 1916 kolliderte ho med SS «Kitty Wake» utanfor Eastham.
8. september 1918 vart «Taurus» torpedert og søkkt av den tyske ubåten UB 80 med kapteinløytnant Max Vieberg 1 kvartmil nord for Scarborough i England på reise til frå Rouen til Tyne i ballast. Seks personar omkom.
Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 1 239 bruttoregistertonn og 738 nettoregistertonn og lasteevna var 1 940 dødvekttonn. Volumet på lasteromma var 2 563 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Hutson & Songs i Glasgow. Oppgjeven yting var 700 iHk (indikerte hestekrefter) som gav ein toppfart på 10 knop.
I 1914 fekk skipet ny donkeykjel.
Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde i Skottland Kategori:Skip frå 1902 Kategori:Krigsforlis i 1918 Kategori:Forlis i Nordsjøen Kategori:Skip søkkte av tyske ubåtar