mini|Den eurasiske steppa i Indre Mongolia mini|right|Savanne nær Dindéresso i Burkina Faso.
Grasslette er opne, flate område med ulike grasslag som den viktigaste veksttypen. Det finst naturlege grassletter på alle kontinenta bortsett frå Antarktis, og i dei fleste økoregionane i verda. Nokre døme på slike område er prærie i Nord-Amerika og savanne i Afrika.
Ein reknar ofte med at grassletter oppstår og blir haldne ved like av dyr som forflyttar seg eller beitar på dei, eller av eld. Nokre døme på dette er migrerande flokkar av antiloper som trampar ned vegetasjon og savanneelefantar som et unge akasieplantar før dei kan veksa seg til større tre.
Typar Menneskeskapte grassletter Eng Beitemark
Tropiske og subtropiske grassletter Llanos Savanne Cerrado Veld
Tempererte grassletter Prærie Pampas
Flaumgrassletter Strandeng Everglades Pantanal
Alpine grassletter Páramo
Xeriske grassletter og ørkengrassletter
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gräsmarker» frå , den 25. mai 2019.
Kategori:Biogeografi