Samegrelo-Zemo Svaneti er ein region i Georgia. Administrasjonssenteret ligg i byen Zugdidi. Han er danna av dei tidlegare provinsane Samegrelo (Mingrelia) og Zemo Svaneti (Øvre Svaneti).
Regionen ligg nordvest i Georgia og grensar til regionane Racha-Lechkhumi og Kvemo Svaneti og Imereti i aust, til Guria i sør og i nordvest til den autonome republikken Abkhasia. I nord har han grense mot Russland og i vest kystlinje mot Svartehavet.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Samegrelo-Zemo Svaneti» frå , den 25. mai 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Regionar i Georgia