Bjørge stavkyrkje var ei stavkyrkje ved garden Bjørge (gnr. 236) i Gran kommune i Innlandet.
Kyrkja er omtala i samband med jordskifte i mellomalderen, og ifølgje eit dokument frå 1341 var ho i si tid soknekyrkje. I 1570-åra låg kyrkja sitt jordegods under Nikolaikyrkja, og inventaret vart overført til Hamar domkyrkje. I Jens Nilssøn si visitasskildring frå 1590-åra vert kyrkja omtala mellom «De kircker, som icke giøris tieniste vdi». Kallsboka frå 1732 omtalar kyrkja som ei trekyrkje, og sorenskrivar Wisløff seier meir konkret i si utgreiing frå 1743 at ho var av reisverk (altså stavkyrkje) og hadde hatt eit seinare påsett, spisst tårn, men at ho var fallen sammen.
Fotnotar Hadeland. Bygdenes historie, s. 270.
Kjelder
Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland (Riksantikvaren, 2015), s. 88
Denne artikkelen bygger på «Bjørge stavkirke» frå , den 26. mai 2019.
Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kyrkjer i Gran Kategori:Kulturminne i Gran Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg