Historic Dead er eit konsertalbum av rockegruppa Grateful Dead. Det vart spelt inn i Avalon Ballroom i San Francisco seint i 1966, og gjeve ut i juni 1971.

History Historic Dead vart gjeve ut på Sunflower-etiketten til MGM Records. Together Records hadde kjøpt rettane til ei rekkje konsertopptak frå The Avalon, mellom andre desse frå Grateful Dead, og planla ein antologi av band frå Bay Area. Då selskapet gjekk konkurs, betalte MGM gjelda og tok over lydbanda, og gav ut to album med konsertmateriale av Grateful Dead. Historic Dead er ikkje eit piratkopialbum, men bandet deltok ikkje i utgjevinga eller samtykka i at det skulle kome ut. Albumet nådde 154. plassen på Billboard 200. Det er ikkje lenger i sal og har heller ikkje kome ut på CD.

Historic Dead kom ut etter eit anna Sunflower Records-album frå Avalon i 1966, Vintage Dead. Ein trur begge vart spelte inn 16. september 1966.

Innhald

Medverkande Grateful Dead Jerry Garcia – lead gitar, vokal Bill Kreutzmann – trommer Phil Lesh – bassgitar, vokal Ron «Pigpen» McKernan – orgel, munnspel, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal

Teknisk Robert Cohen – produsent og lydteknikar Richard Delvy – redigering og miksing Robert Hickson – albumdesign

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Historic Dead» frå , den 2. juni 2019.

Kategori:Konsertalbum frå 1971 Kategori:Coveralbum Kategori:Konsertalbum av Grateful Dead Kategori:Sunflower Records-album