Miguel Ángel López Nicolás () er ein spansk kappgjengar frå Murcia som vart europameister 2014 og verdsmeister 2015 på 20 kilometer.
Aktiv López vart femtemann på 20 km under Sommar-OL 2012 i London, der han sette personleg rekord med 1.19.49, 24 sekundar unna bronseplassen. Året etter fekk López bronsemedaljen på distansen ved VM i Moskva, 23 sekundar etter vinnaren Aleksandr Ivanov, ein kar som på si side i 2019 fekk annullert sigeren. I europameisterskapen 2014 vann López 20 km så å seie på målstreken, eitt sekund føre Ivanov og to sekundar framom Denis Strelkov frå Russland og Ruslan Dmitrenko frå Ukraina, sistnemnde hamna då utanfor sigerspallen. Under Friidretts-VM 2015 i Beijing gjekk López sitt livs snøggaste 20 km. Han fekk notert 1.19,14 i sluttid og vann han gullmedaljen med 15 sekundar til gode på arrangørlandets Wang Zhen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2010 i Barcelona: Nr 13 på 20 km – 1.24.28 VM 2011 i Daegu: Nr 17 på 20 km – 1.23.41 OL 2012 i London: Nr 5 på 20 km – 1.19.49 VM 2013 i Moskva: Bronsemedalje på 20 km – 1.21.21 EM 2014 i Zürich: Gullmedalje på 20 km – 1.19.44, framom Aleksandr Ivanov (1.19.45) VM 2015 i Beijing: Gullmedalje på 20 km – 1.19.14, framom Wang Zhen (1.19.29) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 11 på 20 km – 1.20.58, braut 50 km VM 2017 i London: Nr 10 på 20 km – 1.19.57 EM 2018 i Berlin: Nr 6 på 20 km – 1.21.27
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Miguel Ángel López (racewalker)» frå , den 4. juni 2019.
World Athletics
Kategori:Spanske kappgjengarar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Spania Kategori:Europameistrar i friidrett for Spania Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020