Elisabetta Perrone () er ein italiensk tidlegare kappgjengar frå Camburzano i Biella-provinsen. Ho vann sølvmedaljen på 10 km i Friidretts-VM 1995, så vel som i Sommar-OL 1996. I 2001 sikra ho seg bronsen på 20 km i verdsmeisterskapen.
Aktiv Perrone vart nummer fire i kappgang-tevlinga ved VM 1993 i Stuttgart, fem sekundar bakom bronsevinnaren. I VM 1995 var ho med i gullstriden heilt inn på oppløpssida på Ullevi i Göteborg. Ei uvanleg jamn tevling enda med gull til russiske Irina Stankina, tre sekundar framom sølvmedaljør Perrone, som på si side hadde fire sekundar til gode på nummer tre og nummer fire. Under dei olympiske leikane i Atlanta i 1996 sikra Perrone seg ein ny sølvmedalje, Jelena Nikolajeva frå Russland var i ei eiga klasse.
Frå 1999 gjekk kvinnene 20 km i dei store meisterskapane, mot tidlegare 10 km. Etter eit par svake meisterskapsår kom Perrone tilbake og vann bronsen ved VM i Edmonton i Canada. Året etter vart ho nummer seks i München-EM 2002. Ho la opp etter Sommar-OL 2004.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Barcelona: Nr 19 på 10 km – 46.43 VM 1993 i Stuttgart: Nr 4 på 10 km – 43.26 EM 1994 i Helsinki: Nr 7 på 10 km – 43.47 VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje på 10 km – 42.16, bakom Irina Stankina (42.13) OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje på 10 km – 42.12, bakom Jelena Nikolajeva (41.49) VM 1997 i Aten: Nr 10 på 10 km – 45.16,6 EM 1998 i Budapest: Nr 11 på 10 km – 44.04 VM 1999 i Sevilla: Nr 21 på 20 km – 1.36.24 OL 2000 i Sydney: Diskvalifisert på 20 km VM 2001 i Edmonton: Bronsemedalje på 20 km – 1.28.56 EM 2002 i München: Nr 6 på 20 km – 1.30.45 VM 2003 i Paris: Braut 20 km OL 2004 i Aten: Nr 18 på 20 km – 1.32.21
Kjelder World Athletics
Denne artikkelen bygger på «Elisabetta Perrone» frå , den 6. juni 2019. Denne artikkelen bygger på «Elisabetta Perrone» frå , den 6. juni 2019.
Kategori:Italienske kappgjengarar Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996