Electric Music for the Mind and Body er debutalbumet til Country Joe and the Fish. Det kom ut i mai 1967 på Vanguard og var ei av dei første psykedeliske albuma som kom ut frå San Francisco.

Songar frå albumet, særskild «Section 43», «Grace» og «Not So Sweet Martha Lorraine» vart spelte på progressive FM-stasjonar som KSAN og KMPX i San Francisco, ofte etter kvarandre. Ein versjon av songen «Love» vart framført på Woodstockfestivalen i 1969.

«Grace» er ei hyllest til Jefferson Airplane-songaren Grace Slick.http://www.hit-channel.com/interviewcountry-joe-mcdonald-country-joe-and-the-fishsolo/76300

Innspeling Albumet vart spelt inn den første veka av februar 1967 i Sierra Sound Laboratories i Berkeley i California av Robert DeSouza, med Samuel Charters som produsent. Fordi dei originale masterlydbanda vart blitt dårlege, vart albuma miksa på ny i 1982 og denne miksen vart nytta for den originale CD-utgjevinga i 1990. I 2013 vart ei ny, dobbel luksusutgåve gjeven ut med både den originale mono- og stereomiksen.

Mottaking

Bruce Eder skreiv i ei melding for AllMusic at albumet var «ei av dei viktigaste og mest varige dokumenteringane av den psykedeliske tida». Albumet var inkludert i boka til Robert Dimery kalla 1001 Albums You Must Hear Before You Die.^ Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. .

Innhald Alle songar av Country Joe McDonald, utanom der andre er nemnde

Medverkande Country Joe and the Fish Country Joe McDonald - vokal, gitar, bjøller, tamburin Barry Melton - vokal, gitar David Cohen - gitar, organ Bruce Barthol - bass, munnspel Gary «Chicken» Hirsh - trommer Teknisk Samuel Charters - produsent Jules Halfant - design av plateomslag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Electric Music for the Mind and Body» frå , den 7. juni 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1967 Kategori:Vanguard Records-album Kategori:Country Joe and the Fish-album Kategori:Album produserte av Samuel Charters Kategori:Acidrock-album