Familierett omhandlar reglane om inngåing (ektevigsel) og oppløysing (separasjon og skilsmisse) av ekteskap. Som ei underordna inndeling av dette rettsområdet finn vi òg den økonomiske familieretten, som er reglane om ektemakane sitt formuesforhold i ekteskapet, inkludert den gjensidige underholdplikta til ektemakane, inngåing av ektepakter, og korleis formuen skal delast ved oppløysinga til ekteskapet.

Tradisjonelt blir òg barneretten rekna som ein del av familieretten. Barneretten har reglar om tilhøvet mellom foreldre og barn, m.a. om farskapet, foreldreansvaret, vergemål m.m.

Sjå òg

Samliv Ekteskapslova

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Familierett» frå , den 13. juni 2019. oppgav desse kjeldene:  

Ekteskapsloven Endringar i ekteskapsloven som tredde i kraft 1. jan 2009. Barnelova Vergemålsloven Skifteloven Kategori:Rettsvitskap Kategori:Familierett Kategori:Privatrett Kategori:Ekteskap Kategori:Skilsmisse Kategori:Formuerett