Doping i idrett er bruk av stoff (ofte kalla dopingmiddel) som kan fremja idrettsprestasjonane til ein utøvar.

Historie Testosteron, eit anabolt-androgent steroidIdrettsernæring. 2011. Gyldendal Undervisning. som ofte vert kalla eit anabolt steroid, vart nytta av vektløftarar frå Sovjetunionen frå 1950-talet som del av eit statleg program. John Ziegler, som var lækjar for det USA-amerikanske vektløftarlaget, fekk høyra om teknikken, og prøvde ut små dosar testosteron på seg sjølve, den amerikanske trenaren deira og to utøvarar. Alle la på seg vekt og auka styrken meir enn noko anna treningsprogram, men hadde også bieffektar.Laure, P.: Les répresentations du dopage; approche psycho-sociologique, Thèse STAPS, Nancy, France, 1994 På leit etter eit middel utan bieffektar fann Ziegler fram til det anabole steroidet metandrostenolon (Dianabol, DBOL), laga av Ciba Specialty Chemicals. Dette var «det første av de store ASS-preparatene innen idretten», men skulle også visa seg å ha biverknader.

Dei første dopingtestane skjedde i 1966. I 1967 kom IOC sine første lister over forbodne (prestasjonsfremjande) stoff. I samband med OL i Mexico i 1968 blei det nedlagt dopingforbod som galdt heile verda.Drange, Mads: doping - historikk i Store medisinske leksikon på snl.no. Henta 2. juli 2020.

Bloddoping tok til seint på 1960-talet.

Det vart funne steroid frå gruppa anabolt-androgent steroid (AAS) i dopingtestar i 1976.Historical Timeline

I 2000 påviste ein bruk av «kunstig EPO», ei form for bloddoping.Joris R. Delanghe et al. Testing for recombinant erythropoietin Eit såkalla designer-steroid, norboleton, vart funne i urinprøva til ein utøvar for første gong i 2002.

I 2003 tok antidopingbyrået WADA over dopinglista til IOC, og vart den øvste styresmakta i antidoping-arbeidet.«doping – historikk». I Store norske leksikon (2005 - 2007). Vitja 2019-06-14. «[...] 2003 overtok byrået dopinglisten til IOC og ble verdens øverste dopingmyndighet. »

Steroidet THG, fullt namn tetrahydrogestrinon, vart første gongen funne i ei dopingprøve utanom tevling i 2003.Historical Timeline. «British sprinter Dwain Chambers becomes the first person to test positive for the steroid THG in an out-of-competition drug test conducted on Aug. 1, 2003.»

I 2010 vart det gjort ein positiv dopingtest for veksthormon.Mike Jacobs suspended for HGH. Vitja 16. juni 2019. «Terry Newton, a former British international rugby league player, was the first athlete suspended for a positive HGH test last year.»

I desember 2012 var GW1516, ein metabolsk modulator, påvist i ein positiv dopingtest under Vuelta Ciclista a Costa Rica. Tre av dei costaricanske syklistar fekk utestenginger i 3 år, og ein fekk utestenging i 12 år fordi han hadde ein tidlegare dopingdom.Shane Stokes: GW501516 positives confirmed, three of four riders are from same BCR Pizza Hut team, velonation.com, 15 April 2013Shane Stokes: Four riders each handed two year bans for use of GW501516, velonation.com 30. juli 2013List of sanctions , uci.ch

Metodar Bloddoping GendopingHva er gendoping?

Noreg Norges Idrettsforbund starta sitt første anti-dopingprogram i 1976. Den første utøvaren vart teken for doping i Noreg i 1977.

Stortinget vedtok (1992) ei dopinglov som gjorde at produksjon, innførsel og salg av mellom anna AAS, vart rekna som narkotika-kriminalitet.

Antidoping Norge vart danna i 2003.

Notable avsløringar

Sommar-OL 1968 var den fyrste gangen en OL-utøvar vart diskvalifisert for doping; Dopingprøva i samband med skyting i moderne femkamp, viste alkoholen etanol.

I Dopingsakene frå Lahti-VM i 2001 vart hydroksyetyl-stive (HES) - ein antikoagulant (blodfortynnar) nytta.Jegere på sporet Stoffet kan nyttast til å kamuflera EPO-doping.De skulle lage gullfest på hjemmebane, men ble avslørt som juksemakere Fuentes-dopingsaka Skandalen knytt til Biogenesis-klinikken (Biogenesis baseball scandal) Dopingsaker tilknytte Tour de France

Sjå òg Boka L.A. Confidentiel Dopingmiddel Steroid Doping i baseball Stoff på forbodslista til antidoping-byrået WADA

Kjelder