Michel Tresor Komesha Tornéus () er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Stockholm som vann sølvmedaljen i lengdehopp i EM 2016 og bronsemedaljen i EM 2012. I 2015 vart han innandørsmeister i Europa.

Aktiv Tornéus tok steget opp i europatoppen i lengdehopp i 2009-sesongen, med di han sette personleg rekord med eit hopp på 8,11 meter. Dei neste tre sesongane flytta han sitt personbeste til 8,12 m i 2010, 8,19 m i 2011 og 8,22 m i 2012.I 2010 vann han lengdetevlinga i Europacupen for landslag, men vart ikkje betre enn niandemann i europameisterskapen.

Den 1. juli 2012 vann Tornéus bronsen ved europameisterskapen i Helsinki med eit hopp som målte 8,17 m. Fem veker seinare vart han med 8,11 m fjerdemann finalen under Sommar-OL 2012 i London, ein centimeter unna bronseplassen og fem cm bakom sølvvinnaren. I innandørs-EM 2013 i Göteborg avslutta han tevlinga med eit hopp på 8,29 meter, svensk innandørsrekord og berre to centimeter kortare enn det vinnaren Aleksandr Menkov presterte. Etter ein femteplass i Friidretts-EM 2014 i Zürich, vann Tornéus lengdetevlinga ved innandørs-EM 2015 i Praha på ny svensk innandørsrekord 8,30 m.

Under europameisterskapen 2016 i Amsterdam nådde Tornéus 8,21 m og tok sølvmedaljen, fire cm attom vinnaren, olympiameisteren Greg Rutherford frå Storbritannia. Berre tre dagar seinare, den 10. juli, gjorde Tornéus i spanske Monachil sitt livs beste lengdehopp, eit hopp som målte 8,44 meter. I verdsmeisterskapen 2017 i London, landa Tornéus på 8,18 m, men vart ikkje betre enn nummer 8 i ei tevling med uvanleg mange sterke prestasjonar.

Tornéus vann i tida 2005-17 11 svenske meistertitlar i lengdehopp og 2 i tresteghopp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (7,78 m =nr 28) EM 2010 i Barcelona: Nr 9 – 7,92 m VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (7,65 m =nr 27) EM 2012 i Helsinki: Bronsemedalje – 8,17 m OL 2012 i London: Nr 4 – 8,11 m VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (7,75 m =nr 19) EM 2014 i Zürich: Nr 5 – 8,09 m VM 2015 i Beijing: 0 EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 8,21 m, bakom Greg Rutherford (8,25 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa (7,65 m =nr 26) VM 2017 i London: Nr 8 – 8,18 m EM 2018 i Berlin: Nr 7 – 7,86 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Michel Tornéus» frå , den 20. juni 2019.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Svenske lengdehopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sverige Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016