Sinjar-distriktet (kurdisk Şengal, Şingal eller Şingar) er eit distrikt i Ninive guvernement i Irakisk Kurdistan. Det administrative setet er byen Shingal. Distriktet har to underdistrikt, al-Shemal og al-Qayrawan. Distriktet er eit av to store folkesenter for jesidiar. Det andre er Shekhan-distriktet.
Historie Distriktet vart oppretta i 1934.
I august 2014 pågjekk kringsetjinga av Sinjarfjella mellom militante sunnimuslimar frå Den islamske staten (ISIL) og kurdiske Peshmerga, som førte til masseutvandring av innbyggjarane, særleg jesidiane, som av Den islamske staten vart kalla «djeveldyrkarar» etter Peshmerga vart slått.
Ein kurdisk Peshmerga-leia offensive skjedde frå 17. til 21. desember 2014, som førte til slutten på kringsetjinga av Sinjarfjella og frigjorde området frå IS.
I følgje kurdiske kjelder vart det funne ni jesidiske massegraver etter offensiven. Atten jesidiske heilagdomar vart øydelagd av IS sidan juni 2014.
Geografi
Distriktet grensar til og har ein grenseovergang til Syria.A map of its borders is to be found on page 36 of: Distriktet ligg 136 km frå byen Mosul, hovudstaden i Nineveh guvernement. Sinjarfjella ligg i distriktet.
Busetnader Ain al-Ghazal, sunni Bahrava, jesidi Bare, jesidi Borek, jesidi Chiri, jesidi Dohula, jesidi Duguri, jesidi Gir Azêr, jesidi Gohbal, jesidi Hayali, jesidi Khana Sor, jesidi Khazuga, sunni Majnuniyê, jesidi Qayrawan eller Qairouan, òg kalla Balij eller Bulayj, sunni Sayer, sunni Sîba Şêx Xidir, jesidi Shingal, jesidi, distriktssenter Sinone, sinuni, jesidi Sibaya, sunni Solagh, jesidi Wardiyê/Zirafki, jesidi Zorava, jesidi
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sinjar District» frå , den 22. juni 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Distrikt i Ninive guvernement