Endrar Den globale migrasjonspakta er ein internasjonal avtale som er forhandla fram i regi av Dei sameinte nasjonane, som dekkjer alle aspekt av internasjonal migrasjon på ein holistisk og dekkande måte. Konferansen til SN for å vedta avtalen vart avhalden i Marrakech i Marokko 10.–11. desember 2018. Austerrike forhandla på vegner av EU.
Austerrike, Australia, Bulgaria, Kroatia, Tsjekkia, Estland, Israel, Ungarn og Polen ville ikkje signere avtalen. Det har også vore motstand i det tyske parlamentet, ført av Alternativ for Tyskland. Kanslaren i Austerrike, Sebastian Kurz, uttalte at avtalen ville redusere suvereniteten til landet og blande saman skilnaden mellom ulovleg og lovleg innvandring, såvel som mellom økonomisk og humanitær innvandring. Noreg har signert avtalen, men regjeringsmedlemmer frå Frp tok ein symbolsk dissens. USA har ikkje delteke i forhandlingane om avtalen.
Referansar
Kategori:Migrasjon