Piera Heaika Muotka () er ein norsk samisk politikar frå Nesseby som har sete på Sametinget for Norske Samers Riksforbund (NSR) sidan 2013. Han er vald frå Sør-Noreg valkrins og sit som nestleiar i oppvekst-, omsorg- og utdanningskomitéen. Han har vore parlamentarisk nestleiar i NSR.
I perioden 2013–2016 møtte han fast for Henrik Olsen, som sat i sametingsrådet. Då Arbeidarpartiet tok over rådet i desember 2016, vart Olsen fast medlem av Sametinget att, og Muotka sat som vararepresentant resten av perioden.
Muotka er grafisk designar utdanna på Westerdals Oslo ACT.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Piera Heaika Muotka på sametinget.no Sametingsgruppa 2017–2021 på nsr.no
Kategori:Folk frå Nesseby Kategori:Sametingsrepresentantar frå NSR Kategori:Sametingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Sametingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Sametingsrepresentantar 2021-2025