James Steven Ignatius «Jim» Corr () er ein irsk musikar og låtskrivar. Saman med dei tre yngre systrene sine Andrea, Sharon og Caroline utgjer han folk-rockgruppa The Corrs. Han er også DJ.

Karriere Jim Corr fekk gitarundervising i heimbyen Dundalk, ein stor industriby i County Louth. Corr speler akustisk og elektrisk gitar såvel som piano, keyboard og trekkspel. Han driv også med koring. Corr har hatt ei aktiv rolle i produksjonen av alle The Corrs-albuma, og har samarbeidd med David Foster og Olle Romo om to separate album.

Alle Corr-syskena blei utnemnde til æresmedlemmer av Order of the British Empire (MBE) i 2005 for bidraga sine til musikk og veldedig arbeid som omfattar innsamling av pengar til inntekt for Freeman Hospital i Newcastle upon Tyne i England, der mor deira fekk behandling, for offer av bombeåtaket i Omagh i Nord-Irland, The Prince's Trust og andre føretak."The Corrs - The Corrs Receive Mbe Honours" Contactmusic.com. Retrieved 29 May 2011.

Kjelder

Kategori:The Corrs-medlemmar Kategori:Irske musikarar Kategori:Æresmedlemmer av Order of the British Empire Kategori:Folk frå Dundalk Kategori:Musikarar frå County Louth Kategori:Irske pianistar