Super Monkey Ball er eit plattformspel utvikla av Amusement Vision og utgjeve av Sega. Spelet debuterte i Japan i 2001 på arkademaskinar under namnet Monkey Ball og vart seinare utgjeve som ei utvida utgåve og ein lanseringstittel til Nintendo GameCube. Det var det første spelet som vart utgjeve av Sega på ein Nintendo-konsoll.
Spelet var produsert av Toshihiro Nagoshi og involverer å leie ein gjennomskinleg ball, med ein av fire aper inni, gjennom ei rekkje labyrintliknande baner. Spelaren må kome fram til målstreken utan å falle av plattforma eller la tida gå ut for å kome vidare til neste bane. Spelet har òg nokre modusar for fleire spelarar.
Super Monkey Ball fekk positiv mottaking, særleg for enkelheita og den subtile djupna i kontrollsystemet, i tillegg til dei nye modusane for fleire spelarar som ikkje fanst i arkade-utgåva. Spelet selde relativt godt og var ein av dei mestseljande spela frå Sega i USA i 2002. Spelet fekk i 2002 ein oppfølgjar, Super Monkey Ball 2, og la grunnlaget for det som etter kvart skulle bli ein heil serie av dataspel.
Kjelder
Kategori:Arkadespel Kategori:Dataspel frå 2001 Kategori:Nintendo GameCube-spel Kategori:Plattformspel