Nasjonalt nettverk for samfunnsfaga i lærar-, lektor- og barnehagelærarutdanningane er ein norsk organisasjon for samfunnsfaga i lærarutdanningar og skule skipa i 2016. Organisasjonen har i overkant av 200 individuelle medlemer (2019). Paragraf 1 i vedtektene for organisasjonen formulerer føremåla slik:
Nasjonalt nettverk for samfunnsfaga i lærar-, lektor- og barnehagelærarutdanningane (i kortform berre Nettverket for samfunnsfaga i lærarutdanningane) har til føremål å fremja, god forsking, undervisning og formidling innanfor dei ulike samfunnsfaga og i samfunnsfagdidaktikk i lærarutdanningane for barmehage, grunnskule og vidaregåande opplæring. Det er ei særoppgåve for nettverket a) å fremja utvikling av ein velfungerande, kritisk og konstruktiv fagoffentlegheit i og for desse fagområda og b) å bidra til å sikra eller utvida den plassen våre samfunns- og humaniorafag har innanfor barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, og i høgare utdanning.
Historikk
Eit kontaktmøte for samfunnsfagtilsette ved universitet og høgskular i heile landet arrangert av tilsette ved Institutt for lærarutdanning og skuleutvikling (ILS) ved Universitetet i Oslo seinhausten 2016 var opptakta til organisering. Dette møtet bad samfunnsfagmiljøet ved NTNU - Trondheim sine lærarutdanningar om å organisera ein nettverkskonferanse i 2017. Eit interimstyre førebudde eit årsmøte på nettverkskonferansen, og organisasjonen vart formelt skipa på nettverkskonferansen i Trondheim i november 2017. Der vart det mellom anna vald eit styre for organisasjonen. På årsmøtet i 2018, arrangert av fagmiljøa ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN) på lærestaden i Drammen, vedtok organisasjonen vedtekter. Nettverkskonferansen og årsmøtet 2019 skal vera 20. og 21. november 2019 på Høgskolen i Østfold (Halden).
Aktivitetar
Arrangerer fagleg nettverkskonferanse med eigen årsmøtedel for organisatoriske saker kvart år i november/desember. Driftar eiga nettside, www.samfunnsfag.net. På denne nettsida finst kontaktdetaljar for styret, oversyn over relevante fagtidsskrift, arkiv over tidlegare nyhendebrev og mangt anna. Driftar eiga facebookside med namnet Nasjonalt nettverk for samfunnsfagdidaktikk Sender ut nyhendebrev til alle medlemer 3-4 gonger i året per e-post. Tidlegare nyhendebrev finst tilgjengelege i eit arkiv på nettstaden. Sender ut relevant informasjon på e-post med ujamne mellomrom
Leiarar
2017-2018: Roar Madsen, Institutt for Lærarutdanning - Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet (NTNU) 2018- : Kari-Mette Walmann Hidle, Institutt for sosiologi og sosialt arbeid - Universitetet i Agder (UiA) Martin Øystese, Institutt for lærerutdanning, (region midt) Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Norske organisasjonar Kategori:Utdanningsorganisasjonar Kategori:Universitet og høgskule Kategori:Lektorutdanning Kategori:Grunnskulelærarutdanning Kategori:Barnehagelærarutdanning Kategori:Lærarutdanning Kategori:Samfunnsfag Kategori:Barnehage Kategori:Nasjonale nettverk Kategori:Skipingar i 2016