Stephen Yaxley-Lennon (), mest kjend under dekknamnet Tommy Robinson, er ein britisk politisk aktivist på ytre høgre-fløya.

Han var med i grunnlegginga av English Defence League (EDL) og leidde organisasjonen 2009–2013. Han var også vore medlem av British National Party og i 2015 vart han involvert i grunnlegginga av britisk Pegida.

Robinson er straffedømt ei rekkje gonger, med fire fengselsstraffer mellom 2005 og 2019 for forhold som vald, kokainlagring og svindel. I 2013 drog han ulovleg inn i USA med passet til ein ven. I 2018 braut han ein rettsordre då han strøyma video på Facebook Live av tiltalte som gjekk inn til domstolen. I 2021 blei han funnen skuldig i å ha æreskrenka ein 15-årig flyktning i Huddersfield, og dømd til å betala erstatting og omkostningar. Kort tid etter slo han seg sjølv konkurs. I 2021 blei han gjeven kontaktforbod etter å ha trakassert ein journalist og partnaren hennar.

I juli 2018 vart Robinson dømd til 13 månader fengsel for å ha filma utanfor Leeds Crown Court der fire menn vart tiltalte for gruppevaldtekt av ei ung jente. Den raske dommen han fekk vekte mistankar frå tilhengjarane hans om at dommen var politisk motivert. Han vart ein månad seinare lauslaten mot kausjon.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tommy Robinson» frå , den 29. august 2024.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Engelske aktivistar Kategori:Islamkritikk Kategori:Folk frå Luton