«What God Wants, Part I» er den første i ein seie songar skriven og gjeven ut av den tidlegare Pink Floyd-medlemmen Roger Waters. Songen kom ut på den tredje soloplata hans, Amused to Death. «What God Wants» er delt i tre delar, på liknande måte som Pink Floyd-songen «Another Brick in the Wall.» Berre «What God Wants Pt. 1» vart gjeven ut på singel. Jeff Beck spelar gitar på songen. Denne delen av songen omhandlar den motstidande dualiteten og hykleriet som Waters oppfatta i dogmatisk religion og makta denne har over menneske. Dei følgjande partane, i lag med andre songar på albumet, omhandlar tilbeding, ikkje berre i religion, men òg i forhold til materialisme og forbruk. I lag danna dei eit synspunkt på makta overforenkla konformitet har, der folk sluttar seg til noko ikkje berre ut frå vilje, men ut frå underkasting.

Video Det vart laga ein musikkvideo til singelen der gorillaer ser på TV, og animert sekvens der skjelettet av ein frosk plukkar ost frå ei musefelle, før han får støyt på ein elektrisk leidning og smeltar saman med osten til eit fjernsynsapparat. Videoen vart regissert av Tony Kaye og produsert av Sarah Whistler.

Medverkande Roger Waters - vokal, EMU synthesizer, bass Jeff Beck - sologitar Patrick Leonard - klaverinstrument, korarrangement Geoff Whitehorn - «Arpeggio»-gitar Andy Fairweather-Low - rytmegitar Tim Pierce - «Chorus»-gitar Randy Jackson - bass Graham Broad - trommer Katie Kissoon, Doreen Chanter, N'Dea Davenport og Natalie Jackson - korvokal London Welsh Chorale dirigert av Kenneth Bowen

Radio 1 BBC Radio 1 nekta å spele singelen fordi det var ein for «ømfintleg» song. Dette gjorde Waters sint.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «What God Wants, Part I» frå , den 17. juli 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Roger Waters-songar Kategori:Singlar frå 1992 Kategori:Religionskritiske songar Kategori:Songar skrivne av Roger Waters Kategori:Songar frå 1992