mini|Moderne amerikansk divan. mini|Divan langs veggane i Ethnografisk museum i Krujë i Albania. Divan (frå tyrkisk divan, opphavleg frå persisk devan) er ein sofa ein kan liggja på. Han skil seg ut frå andre sofaar ved å ikkje ha ryggstø eller armlene. Ein divan er ofte dekt av teppe og/eller store puter og er gjerne plassert i opphaldsrom. Ein utslegen sovesofa kan ha form som ein divan.
Uttrykket og sofaane kom til Europa i romantikken, om lag mellom 1820 og 1850. Uttrykket kjem frå Det osmanske riket. Riksrådet deira vart kalla «divan», og i møterommet deira var det sofaar langs veggene. Ein liknande møbel med sams opphav er ottomanen.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Divan» frå , den 19. juli 2019.
Kategori:Møblar