Is This the Life We Really Want? er det fjerde soloalbumet til den engelske rockemusikaren Roger Waters, gjeve ut 2. juni 2017 på Columbia Records. Det vart produsert av Radiohead-produsenten Nigel Godrich, som bad Waters om å lage eit meir konsist og mindre teatralsk album. Det er det første studioalbumet til Waters sidan Amused to Death (1992), og det første studioarbeidet hans sidan operaen Ça Ira (2005).

Albumet nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia og 11. plassen i USA. Det vart gjeve ut fire singlar: «Smell the Roses», «Déjà Vu», «The Last Refugee» og «Wait for Her».

Innspeling Is This the Life We Really Want? vart innspelt i Los Angeles og London. Det vart produsert av Nigel Godrich, som møtte Waters då han produserte konsertalbumet Roger Waters: The Wall i 2015. Sjølv om Waters ikkje hadde høyrt arbeidet til Godrich med Radiohead, kom dei godt overeins og diskuterte eit samarbeid. Godrich, som var fan av Waters sitt arbeid med Pink Floyd, var ærleg med Waters, og sa til han at noko av soloarbeidet hans «ikkje var lyttbart». Men han forsikra Waters om at han «framleis verkeleg hadde det inne» etter å ha høyrt ein demo av «Déjà Vu».

Godrich ønskte å skape eit nedstrippa album som synte «poeten» Waters. Han meinte at kreativiteten til Waters hadde fått ny giv med Wall Live-turneen og at rolla hans som produsert var å «oppfordre han, presse han litt attende». Han oppfordra Waters til å lage eit konsist album og minna han på at Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon berre var 43 minuttar langt. I motsetnad til det meste av arbeidet til Waters, så var ikkje Waters sjølv produsent på denne plata. Han sa: «[Godrich] gjorde ein glimrande jobb ... eg sat på hendene mine med leppene igjen. Du har leigd inn denne hunden, la han gjere jobben sin.» Godrich brukte lydbandsløyfer og tilfeldige lydar mellom spora på albumet. Han er òg oppført med arrangement, lydcollage, klaverinstrument, gitar og miksing.

Tema Is This the Life We Really Want er eit konseptalbum, som byrja som eit radioskodespel om ein mann og barnebarnet hans som undersøkte kvifor barn vart drepne i andre delar av verda. Waters skildra skodespelet som «ei reise på eit magisk teppe, dels politisk deklamering, dels smerte». Det bestod av omkring eit dusin songar. Godrich overtalte Waters til å gå bort frå dei teatralske elementa og skape eit «mykje mindre lineært» verk. Waters sa han planla å produsere den opphavlege ideen ein gong i framtida.

Waters sa om temaet på albumet:

Waters sa òg om albumet at han var inspirert av å ha blitt forelska:

Utgjeving Is This the Life We Really Want? kom ut 2. juni 2017 på Columbia Records. Det var de første soloalbumet til Waters sidan Amused to Death (1992). Albumet nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia og 11. plassen i USA. Det vart gjeve ut fire singlar frå albumet: «Smell the Roses», «Déjà Vu», «The Last Refugee» og «Wait for Her». Albumet vart blokkert frå utgjeving i Italia etter at kunstnaren Emilio Isgrò hevda at plateomslaget plagierte arbeidet hans.

Mottaking

På Metacritic, som gjev ei normalisert rating opp til 100, har albumet ein score på 72, basert på 16 meldingar. Rolling Stone sa: «Musikken er som kjernen i post-Dark Side Of The Moon Floyd, men kanalisert gjennom andre: produsenten Nigel Godrich brakte med seg prog-rock-stordom, multiinstrumentalisten Jonathan Wilson mikrodosar av psykedelia, Lucius ein alt-R&B-korvokal.» Drowned in Sound sa at albumet «er eit langt, yrande episk verk som strekkjer seg utover heile plata. Det er så fult av idear og intrikate melodiar at det er lett å bli suge inn i dette albumet.» Consequence of Sound sa at albumet «er lett det mest tilgjengelege Waters har laga som soloartist - ei destillering av dei antifacistiske, antiimperialistiske og antigrådige meldingane han har kringkasta sidan Pink Floyd.» Pitchfork sa at «myriaden av lydmessige referansar til arbeidet hans med Pink Floyd, indikerer at Waters er komfortabel med fortida si. Dess meir du aksepterer kor mykje fortida hans er reflektert i notida hans, dess meir mottakeleg er du for sjarmen på dette albumet.»

Innhald

Medverkande Roger Waters – vokal, akustisk gitar, bassgitar, piano Nigel Godrich – klaverinstrument, gitar, lydcollage, arrangement Gus Seyffert – gitar, klaverinstrument, bassgitar Jonathan Wilson – gitar, klaverinstrument Roger Joseph Manning jr. – klaverinstrument Lee Pardini – klaverinstrument Joey Waronker – trommer Jessica Wolfe – vokal Holly Laessig – vokal David Campbell – strykearrangement

Salslister

Vekeslister Liste (2017) PlasseringMexicanske album (AMPROFON)20 Sørkoreanske album (Gaon) 67

Årslister Liste (2017) Plassering Belgiske album (Ultratop Flandern) 49 Belgiske album (Ultratop Vallonia) 30 Nederlandske album (MegaCharts) 49 Tyske album (Offizielle Top 100) 94 Italienske album (FIMI) 49 Sveitisiske album (Schweizer Hitparade) 42

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Is This the Life We Really Want?» frå , den 20. juli 2019.

Bakgrunnsstoff Is This the Life We Really Want? at Discogs

Kategori:Musikkalbum frå 2017 Kategori:Konseptalbum Kategori:Engelske politiske musikkalbum Kategori:Roger Waters-album Kategori:Album produserte av Nigel Godrich Kategori:Columbia Records-album Kategori:Nummer-ein-album i Belgia Kategori:Nummer-ein-album i Polen Kategori:Nummer-ein-album i Sveits