mini|Student som går på line ved Cambridge University

Slakline er ein idrett der utøvaren balanserer på eit fleksibelt band av til dømes nylon. Det er også namnet på utstyret som blir brukt i aktiviteten. Balansebandet blir spent opp mellom to festepunkt og utøvaren kan dermed gå, hoppe eller balansere på bandet. Slakline skil seg frå balansering på line i materialet bandet er laga av og kor mykje bandet blir stramma før bruk.

Spenninga i bandet kan tilpassast etter behov. Bandet er flatt, som gjer det lettare å gå på. Slakline kan brukast for å trene balansen, som ei form for yoga, som fritidsaktivitet eller som idrett.

Kjelder

Kategori:Individuell idrett