Idrettsforeningen Tønsberg-Kameratene er eit idrettslag heimehøyrande i byen Tønsberg i Vestfold. Idrettslaget vart stifta 10. oktober 1917 og er aktivt med i boksing, vektløfting og bryting. Fram til 1980-åra hadde laget også grupper som dreiv med fotball, friidrett og turn, desse gruppene skipa då sine eigne, frittståande idrettslag.
Dei mest kjende utøvarane i Tønsberg-Kameratene har vore friidrettsutøvaren Rune Nilsen, boksaren Steffen Tangstad og vektløftaren Ruth Kasirye.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tønsberg-Kameratene» frå , den 25. juli 2019.
Kategori:Idrettslag i Tønsberg Kategori:Idrettslag skipa i 1917 Kategori:1917 i Noreg