Kaare Fostervoll () var ein norsk pedagog, gymnasrektor, politikar for Arbeidarpartiet og den første kringkastingssjefen i Noreg. Han var stortingsrepresentant for kjøpstadane i Møre og Romsdal fylke (Kristiansund, Molde, Ålesund) frå 1945 til 1949, kyrkje- og undervisningsminister frå 1945 til 1948 og så kringkastingssjef etter den tid og fram til 1962.
Regjering og storting Kaare Fostervoll blei statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet (kyrkje- og undervisningsminister) i dei to første regjeringane til Einar Gerhardsen etter frigjeringa i 1945: 25. juni 1945-5. november 1945 i samlingsregjeringa, Einar Gerhardsen si første regjering. 5. november 1945-28. juni 1948 i Einar Gerhardsen si andre regjering.
Han blei også vald inn på Stortinget som stortingsrepresentant for kjøpstadane i Møre og Romsdal fylke (Kristiansund, Molde, Ålesund) frå 1945 til 1949. Fordi han var statsråd møtte han ikkje på Stortinget som representant før 1. juli 1948. Han vart då vald til formann i Kyrkje- og skulekomiteen, noko han var til stortingsperioden tok slutt, 10. januar 1949.
Utdanning og arbeid Kaare Fostervoll var student frå 1910, og tok lærarskuleeksamen i 1912. Han vart cand.philol. i 1927.
Han arbeidde som kontormann på Nordmøre fogdekontor i Kristiansund 1910-1911. Han var lærar ved folke- og ungdomsskular 1912-1919, og lærar ved høgare skule 1920-1927. Han var rektor ved Firda landsgymnas (Sandane) 1927-1938, og rektor ved Ålesund offentlige høyere almenskole (Latinskolen) 1938-1948. 1945-1949 var han i regjeringa og stortinget, før han vart kringkastingssjef 1948-1962
Tillitsverv Tillitsverv i parti: Sekretær Norges sosialdemokratiske ungdomsforbund 1923-1925, nestformann 1925-1927 Formann Gloppen Arbeidarparti 1934-1938 Sekretær Sogn og Fjordane arbeidarparti 1934-1938
Tillitsverv i organisasjonar: Formann Studentmållaget 1919-1920 Formann Det Norske Studentersamfund frå 1923 (den første frå Mållaget) Medlem Styret i Noregs mållag 1931-1932 Medlem Hovedstyret i Foreningen Norden 1949-1962
Offentlige verv: Medlem Styret for Fridtjof Nansens fond 1930-1962 Medlem Plankomiteen for den nye skoleordninga 1935-1940 Formann Nemnda for teknisk kveldsskule, Gloppen frå 1937 Formann Styret for Ålesund yrkesskule frå 1939 Medlem Undervisningsrådet 1940-1945
Radikal sosialdemokrat og målmann Fostervoll rekna seg som radikal sosialdemokrat i tradisjonen frå Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (1921–1927), som stod sterkt i Møre og Romsdal dei åra dette partiet fanst som alternativ til Arbeidarpartiet og NKP. Også den mest kjende av forkjemparane for NSA, Olav Oksvik, var frå dette fylket. Fostervoll stod saman med Oksvik, Jacob Vidnes og Anton L. Alvestad mot «tranmælittane» og dei revolusjonære innanfor Arbeiderpartiet. Dette var også sentrale personar innanfor NSA.I Møre og Romsdal var utbrytarpartiet NSA større enn DNA, og hadde dessuten eit tyngdepunkt på Sunnmøre.Melle, Oddbjørn (2000): Rektor i krigstid: Kaare Fostervoll og Ålesund. Tidsskrift for Sunnmøre historielag, 76. årgang. Fostervoll har skrive ei partihistorie om NSA. Han var òg aktiv målmann, og attmed Halvdan Koht ein av dei fremste nynorskforkjemparane innanfor arbeidarrørsla. Fostervoll var den første frå Mållaget som vart leiar i Studentersamfundet i Oslo.
Litteratur Fostervoll, Kaare: Studieplan i samfundsøkonomi, Oslo 1934 Fostervoll, Kaare: Arbeiderskandinavismen i grunnleggingstida, Oslo 1935 Fostervoll, Kaare: Mot rikare mål. Den norske folkehøgskule 1864-1964, Oslo 1964
Kjelder «Fostervoll, Kaare ( 1891-1981 )» på Stortinget.no, vitja 24. april 2010.
Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen II Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre-byane Kategori:Kringkastingssjefar Kategori:Målfolk Kategori:Norsk arbeidarhistorie Kategori:Folk frå Kristiansund Kategori:Elevar ved Høgskulen i Volda