Roger Karl Evald Norman () var ein svensk friidrettsutøvar frå Västerås som vann sølvmedaljen i tresteghopp under EM 1954 i Bern.

Aktiv Norman vart åttandemann under Sommar-OL 1952 med eit bestehopp på 14,87 m. Vel ein månad seinare strekte han seg til 15,21 m då han vart svensk meister i tresteghopp fyrste gongen. Dei neste seks åra forsvarte han den svenske meistertittelen i øvinga, i 1958 for sjuande og siste gong med 15,34 m som teljande resultat.

Høgdepunktet for Norman kom i europameisterskapen i Bern der han sikra seg sølvmedaljen med 15,17 meter, trass i at han vart slått av Leonid Sjtsjerbakov frå Sovjetunionen med heile 73 cm. Norman deltok ikkje i Sommar-OL 1956 i Melbourne. Under Friidretts-EM 1958 på svensk heimebane skuffa han med ellevteplass. Berre vel ei veke etter EM-finalen på Stockholm stadion sette han 31. august på den same arenaen personleg rekord med 15,41 meter.

Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1952 i Helsinki: Nr 8 – 14,89 m EM 1954 i Bern: Sølvmedalje – 15,17 m, bakom Leonid Sjtsjerbakov (15,90 m) EM 1958 i Stockholm: Nr 11 – 14,87 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Roger Norman» frå , den 28. juli 2019.

World Athletics

Kategori:Svenske tresteghopparar Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952