Ragnhild Brochmann () er ein norsk kunst- og motehistorikar og journalist, kjent for mange som Estetikeren i Morgenbladet.
Ho vaks opp på BrøttumRagnhild (35) fra Brøttum blir programleder i ny serie på NRK i Ringsaker Blad den 18. september 2019. og har ein mastergrad i estetiske studium frå Universitetet i Oslo. Brochmann er medredaktør i den uavhengige motepublikasjonen Tableau Paper og har fartstid som film- og scenekunstmeldar og moderator for ulike debattforum. Ho har tidlegare jobba som journalist og programleiar for NRK Skole.
I juli 2019 var ho gjest i radioprogrammet Sommer i P2. Der fortalte ho om korleis det å vere ein håplaus estetikar blei den store redninga for ho då livet blei snudd på hovudet etter ho som 26-åring blei skadd ved eit uhell då ho skulle klatre over eit gjerde.
Hausten 2019 gir ho ut si første bok, Gulliver Blitz og mysteriet med Professor Uglehus.
Kjelder
Kategori:Norske journalistar