Bernard Kipchirchir Lagat () er ein tidlegare mellom- og langdistanseløpar som representerte heimlandet Kenya til 2004, sidan 2005 USA. Han vart dobbelt verdsmeister under VM i friidrett 2007 i Osaka, der han spurta inn til siger både på 1500-meteren og på 5 000 meter. Lagat har elles teke OL-bronse 2000, VM-sølv 2001 og OL-sølv 2004 som Kenya-løpar, alle på 1500 meter, og sølvmedaljar på 5 000 meter både i VM 2009 og VM 2011, samt bronse på 1500 m i VM 2009, alle desse som USA-løpar. Lagat sin personlege rekord på 3.26,3 er kenyansk rekord på 1500 m, noko som per 2019 òg gav han andreplass på verdsstatistikken.
Han sette elles landsrekordar for USA på 1500 meter og 5 000 meter. Han sprang inn på 3.29,3 i 2005 og 12.53,6 i 2011.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Bronsemedalje på 1500 m – 3.32,4 VM 2001 i Edmonton: Sølvmedalje på 1500 m – 3.31,1, bakom Hicham El Guerrouj (3.30,6) OL 2004 i Aten: Sølvmedalje på 1500 m – 3.34,3, bakom Hicham El Guerrouj (3.34,1) VM 2007 i Osaka: Gullmedalje på 1500 m og 5 000 m OL 2008 i Beijing: Nr 9 på 5 000 m. Utslått i semifinalane på 1500 m VM 2009 i Berlin: Sølvmedalje på 5 000 m, bronsemedalje på 1500 m VM 2011 i Daegu: Sølvmedalje på 5 000 m – 13.23,6, bakom Mo Farah (13,23,3) OL 2012 i London: Nr 4 på 5 000 m – 13.42,9 VM 2013 i Moskva: Nr 4 på 5 000 m – 13.29,2 OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 5 på 5 000 m – 13.06,7
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bernard Lagat» frå , den 5. august 2019.
World Athletics
Kategori:Kenyanske mellomdistanseløparar Kategori:Kenyanske langdistanseløparar Kategori:Mellomdistanseløparar frå USA Kategori:Langdistanseløparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kenya Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kenya Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Kenya Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kenyanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016