mini|Ei side frå Sherbrooke Missal, eit illuminert manuskript laga på byrjinga av 1300-talet i East Anglia. Messebok er ei bok som inneheld tekst og instruksjonar for å halda messe gjennom kyrkjeåret. Det latinske namnet for ei slik bok er missale, og dette viser særleg til katolske messebøker.
Utvikling i ulike kyrkjer
Den katolske kyrkja Det noverande katolske missalet, Missale Romanum, er frå 1969. Det offisielle missalet er på latin, men det er blitt omsett til ei rekkje relevante språk. Missalet blei laga etter at liturgien blei revidert ved Det andre vatikankonsilet, og inneheldt store endringar frå det førre, som var frå 1570.
Den norske kyrkja Missale Nidrosiense er ei messebok trykka i 1519 for bruk i Noreg. Ho var redigert av Olav Engelbrektsson. Saman med prestehandboka Breviarium Nidrosiense er ho den første trykka norske boka. Dei to bøkene var utgangspunkt for gudstenestene i landet fram til reformasjonen.
Etter reformasjonen Messeboka for Den norske kyrkja som kom ut i 1925 under namnet Graduale, inneheldt berre dei ledda i gudstenesta og dei kyrkjelege handlingane som kunne messast og kyrkjelyden sine svar til desse.
Sjå òg Altarbok
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Missale Romanum ved katolsk.no
Kategori:Kristne skrifter Kategori:Kristen liturgi