Luc Gilbert Cyrille Nilis () er ein tidlegare belgisk fotballspelar som spelte i angrep for det belgiske herrelandslaget og fleire europeiske klubbar. På klubbnivå representerte han KFC Winterslag, RSC Anderlecht, PSV Eindhoven og Aston Villa. For Belgia spelte han totalt 56 landskampar og skåra 10 mål. Han representerte også landet i VM 1994, VM 1998 og EM 2000. 

Han blei toppskårar i Eredivisie to år i rad, i høvesvis 1996 og 1997. Han blei også kåra til årets fotballspelar i Nederland i 1995, og årets fotballspelar i Belgia i 1995/1996-sesongen. Merittar Belgisk seriemeister: med Anderlecht i 1987, 1991, 1993 og 1994 Belgisk cupmeister: med Anderlecht i 1988, 1990 og 1994 Nederlandsk seriemeister: med PSV i 1997 og 2000 Nederlandsk cupmeister: med PSV i 1996

Kategori:Belgiske fotballspelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1994 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Anderlecht-spelarar Kategori:PSV-spelarar Kategori:Aston Villa-spelarar