Cliodhna Cussen () var ein irsk kunstnar frå Newcastle, vest i grevskapet Limerick. Ho var fyrst og fremst kjend som skulptør som utførte ei lang rad arbeid i stein og bronse.Sjå utvalde Cussen-skulpturar til sals på Artnet Auctions på http://www.artnet.com/artists/cliodhna-cussen/ Henta 17. august 2019. Ho er og novelleforfattar og lyrikar.
Familie
Cliodhna Cussen var gift med historikaren, forleggjaren og målaktivisten Pádraig Ó Snodaigh. Dei var busette i Howth rett nord for Dublin, og saman hadde dei seks søner. Aengus Ó Snodaigh blei politikar og parlamentsrepresentant frå ein dublinvalkrins for partiet Sinn Féin. Dei tre brørne Rónán Ó Snodaigh, Rossa Ó Snodaigh og Colm Ó Snodaigh spela i det kjende folkemusikkinspirerte verdsmusikkbandet Kíla. Dei to siste brørne, Cormac Ó Snodaigh og Feargus Ó Sodaigh, dreiv eit sikringsfirma. Familien Ó Snodaigh er ein av dei mest kjende «kulturfamiliane» i Irland.
Kunstnarleg arbeid
mini|Cussen si framstilling av Saint Patrick i Máméan i Connemara.
Cliodhna Cussen skapte ei lang rad skulpturar i stein og bronse til torg og andre offentlege stader, til kyrkjefasadar og andre bygg. Mange av arbeida hennar er utførte på oppdrag frå ulike offentlege styresmakter og institusjonar. Eit av dei mest kjende arbeida står der Pearse Street møter College street i Dublin sentrum, like ved Trinity College Dublin. Dette høge steinmonumentet førestiller båtfortøyinga til Ivar Beinlause (794-872), som var kallenamnet på Ivar Ragnarsson, sonen til Ragnar Lodbrok. Ein periode var han konge av Dublin. I 1986 vart denne skulpturen plassert på staden der vikingane skal ha fortøya langskipa sine.Sjå bilete av denne skulpturen på http://www.dublincity.ie/image/libraries/vl013-long-stone Henta 17. august 2019 Ho har og laga Who made the world-skulpturen i Ballsbridge (Dublin). I 1986 ferdigstilte ho ein statue av heilage Patrick (irsk Naomh Pádraig), fødd 385 eller 390, truleg avliden 461. Saint Patrick er den irske vernehelgenen, som har vore rekna for den som sette i gang kristninga av Irland. Skulpturen er plassert i Máméan i grevskapet Connemara, og framstiller Patrick som ein sauegjetar med ein sau ved føtene.
Cussen skreiv skrive novella «An Eochair» (‘Lykelen’),Sjå bilete av Cliodhna Cussen (frå 2015) og av bokomslaget på novella på https://tuairisc.ie/leirmheas-ar-an-eochair-le-cliodhna-cussen/ Henta 17. august 2019. som er ei fiksjonshistorie om ein kjend figur i irsk litteraturhistorie, og gav ut to diktsamlingar, Sifíní (‘Jordbær’) i 2001 og Turasanna (‘Turar’) i 2011. Cussen var òg teiknar, og ho hadde i ei årrekkje vore blant dei som produserte illustrasjonar til den årvisse kalenderutgjevinga frå forlaget Coisceim.
Kjelder
Kategori:Irske kunstnarar Kategori:Folk frå County Limerick Kategori:Bilethoggarar frå 1900-talet Kategori:Bilethoggarar frå 2000-talet