Carn er eit tidsskrift gjeve ut av Celtic League, og har undertittelen - A link between the Celtic Nations. Tidsskriftet har kome ut sidan 1973, og fremjer dei keltiske språka og fremjer full eller delvis sjølvråderett eller sjølvstende for dei keltiske nasjonane. Alle utgjevingane sidan nummer 1 i 1973, er elektronisk tilgjengelege. http://www.celticleague.net/carn/ Henta 19. august 2019.
Tidskriftet er publisert på engelsk, men har og artiklar på dei seks keltiske språka walisisk), irsk, skotsk-gælisk, manx (det keltiske målet på øya Man), kornisk (Cornwall) og bretonsk (Bretagne) med omsettingar og samandrag på engelsk. I ei årrekkje har tidsskriftet hatt eit kart av dei ulike keltiske områda på framsida med namnet deira på det historiske heimemålet.
Redaktørar
Frå 1973 har desse vore redaktørar:
Frang MacThòmais (1973–74), skotte Pádraig Ó Snodaigh 1974–77), ire Cathal Ó Luain (1977–81), ire Pedyr Pryor (1981–84), kornisk Pat Bridson (1984–2013), manx Rhisiart Tal-e-bot: (2013- ), kornisk
Kjelder
Kategori:Skipingar i 1973 Kategori:Engelskspråklege tidsskrift Kategori:Kulturtidsskrift