Anna Viktorivna Knjazjeva () er ein ukrainsk friidrettsutøvar frå Perejaslav-Khmelnytskyj som sidan 2013 representerer Israel under konenamnet Hanna Knjazjeva-Minenko. Ho vann sølvmedaljen i tresteghopp under verdsmeisterskapen 2015 og i europameisterskapen 2016, samt bronsemedalje ved europameisterskapen 2022.

Aktiv Knjazjeva tevla for fødelandet Ukraina då ho under Sommar-OL 2012 enda på fjerdeplassen i tresteghopp med 14,56 meter.

I 2013 gifte og busette ho seg i Israel. Same året vart ho nummer seks i tresteg-tevlinga då VM fann stad i Moskva. Ved den israelske friidrettsmeisterskapen 2014 vann Knjazjeva-Minenko gullmedaljen i lengdehopp på ny israelsk og personleg rekord med 6,52 meter.

Under verdsmeisterskapen 2015 i Beijing i august gjorde ho sitt livs lengste tresteghopp, hoppet målte 14,78 meter og var akkurat nok til å vise Olga Rypakova til bronseplass. OL-sesongen 2016 sikra Knjazjeva-Minenko seg sølvmedaljen også i europameisterskapen, sju cm bakom gullvinnaren. I dei neste store meisterskapane lukkast ikkje ho kome på sigerspallen, etter som ho vart nummer fem i OL 2016, fire i VM 2017 og fem i EM 2018.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Nr 4 – 14,56 m VM 2013 i Moskva: Nr 6 – 14,33 m VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 14,78 m, bakom Caterine Ibargüen (14,98 m) EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje – 14,51 m, bakom Patrícia Mamona (14,58 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 5 – 14,68 m VM 2017 i London: Nr 4 – 14,42 m EM 2018 i Berlin: Nr 5 – 14,37 m OL i 2021 i Tokyo: Nr 6 – 14,60 m VM 2022 i Eugene: Utslått i kvalifiseringa (14,11 m=nr 15) EM 2022 i München: Bronsemedalje – 14,45 m EM 2024 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (–)

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Ukrainske tresteghopparar Kategori:Israelske tresteghopparar Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Israelske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Israelske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020