Lars Torbjörn Lassenius () er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Helsinki som vann sølvmedaljen i tikampen under EM i friidrett 1954.
Aktiv Vasilij D. Kuznetsov frå Sovjetunionen var suverent best i tikamp-tevlinga då europameisterskapen 1954 fann stad i Bern, der finlandssvensken Lassenius kom nærast den sovjetiske utøvaren. Same Lassenius gjorde i slutten av september 1956 si beste tikampserie ved eit stemne i Hamburg. Han sanka der 6 991 poeng (7 062 etter dagens tabell). Under dei olympiske sommarleikane i Melbourne to månader seinare enda han opp på sjuandeplassen, med langt færre poeng.
Lassenius var finsk tikampmeister i åra 1954-56.
Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1954 i Bern: Sølvmedalje – 6 424 poeng, bakom Vasilij D. Kuznetsov (6 752) OL 1956 i Melbourne: Nr 7 – 6 565 poeng EM 1958 i Stockholm: Nr 11 – 6 180 poeng
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Torbjörn Lassenius» frå , den 25. august 2019.
World Athletics
Kategori:Finske mangekjemparar Kategori:Finske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956