Jemen-konflikten byrja med revolusjonen i 2011-2012 mot president Ali Abdullah Saleh, som då hadde vore leiar for Jemen i over tre tiår (33 år). Saleh gjekk av tidleg i 2012 etter forhandlingar mellom styresmaktene og opprørsgrupper, og visepresidenten Abdrabbuh Mansur Hadi tok over. Hadi hadde vanskar med å sameina det spenningsfylte politiske landskapet i landet og kjempa mot trugsmål frå både Al-Qaeda på den arabiske halvøya og militante houthiar som lenge hadde ført opprør nord i landet. I 2014 gjekk houthikrigarar inn i hovudstaden Sana og tvinga Hadi til å forhandla fram ei «sameint regjering» med andre politiske faksjonar. Opprørarane fortsette å pressa dei svekka styresmaktene fram til Hadi gjekk av saman med ministrane sine i januar 2015. Då var presidentpalasset og residensen hans allereie under åtak frå opprørarane. Hadi gjekk av 21. januar 2015, og tre dagar seinare vart president-palasset erobra av Houthi-militsen.President Hadi's letter to Parliament , yementimes.com; accessed 7 April 2015. Revolusjonskomiteen (اللجنة الثورية) leia av Mohammed Ali al-Houthi erklærte sin kontroll over statsapparatet 6. februar 2015.
Hadi flykta til Aden, der han hevda at han framleis var Jemen si legitime president, og proklamerte Aden som den mellombels hovudstaden. BBC melde 27. mars 2015 at Hadi hadde flykta frå opprørsstyrkar i byen Aden, og hadde kome til Saudi-Arabia sin hovudstad, samstundes som saudiske styresmakter byrja luftåtak mot Jemen. Sidan 2017 har separatistorganisasjonen Det sørlege overgangsrådet (al-Majlis al-Intiqālī l-Janūbiyy), også kjempa mot Hadi-regjeringa.
Leiaren for Hadi-regjeringa bur i eksil i Saudi-Arabia (2019). Han har vore på minst eit politisk møte i Jemen i 2019.Yemen leader-in-exile Hadi returns for meeting of divided parliament. Reuters. Vitja 2019-09-02
Borgarkrig (frå 2015) Houti-militsen tok over hovudstaden Sana'a, og der skipa militsen ei ny regjering. Hadi trekte seg tilbake til Aden saman med støttespelarar den 21. februar 2015.
Hadi proklamerte den 21. mars 2015 Aden som den mellombels hovudstaden, og at dette skulle vara så lenge Sana var under kontroll av houthiar. Slaget om Aden byrja den 25. mars.
Intervensjon frå utanlandske militærstyrkar byrja då Den arabiske ligaen, leia av saudiarabiske styresmakter, starta bombing frå lufta den 26. mars 2015 og mobiliserte ein koalisjon av væpna styrkar i regionen for ei mogleg invasjon av Jemen.
Slaget om Aden vart vunne den 22. juli 2015 av ein koalisjon leia av Hadi-regjeringa.
«Det sørlege overgangsrådet» erobra Aden i nokre veker i august 2019, før Hadi-regjeringa igjen hadde makta i byen.Yemen government forces 'impose full control over Aden': Minister. 2019-08-28. Al-Jazeera. Vitja 2019-09-01
Hadi-regjeringa hadde hovudkvarter i Aden (28. august 2019). Styrkane til Hadi-regjeringa trekte seg ut av Aden 31. august 2019.Yemeni separatists arrest dozens of government loyalists in Aden. Al-Jazeera. Vitja 2019-09-02 Aden er kontrollert av Houthi-styrkane (september 2019).– Det kommer et nytt angrep om to dager. NRK. Vitja 2019-09-21
Den militære intervensjonen leia av Saudi-Arabia
Bombing frå lufta byrja 26. mars 2015.
Tal på drepne saudiarabiske soldatar er 1.000–3.000.
Sjå òg Pågåande væpna konfliktar
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Yemeni Crisis (2011–present)» frå , den 16. september 2019.
Bakgrunnsstoff Jan Egeland om Jemen: Mot største sultkatastrofe siden Etiopia på 1980-tallet (1. mars 2021) Krisen i Jemen forverres – separatister erklærer selvstyre (26. april 2020) Dagsavisen Yemen crisis: Why is there a war? (10. februar 2020) BBC
Kategori:Jemen