thumb|Antemensale frå Komnes i Kulturhistorisk museum Komnes stavkyrkje låg like sør for dagens Komnes kyrkje, der det no er kyrkjegard. Dette er på grunn frå garden Komnes (gnr. 29), som ligg i skråninga nedanfor kyrkjegarden på sørsida.

Soknet (Kaupmanzness) er omtala i jordeboka til biskop Eystein Aslaksson, og Jens Nilssøn omtalar i sine visitasskildringar (1595) Kopmannes som anneks til Efteløt (hovudkyrkja i Sandsvær). Ut frå ei innskrift på ein gamal kalk trur Nicolay Nicolaysen at kyrkja var vigd til Andreas.

Kyrkja vart ikkje ikke målt opp systematisk før ho vart riven, men Christian Christie utarbeidde måleskisser og ei kort skildring i 1860, og mykje av vår kunnskap om kyrkja bygger på desse og på skildringar i samband med rekneskapar og synfaringar i tidlegare tider. Kyrkja var ifylgje Lorentz Dietrichson ei enkel, einskipa kyrkje med rektangulært skip og lågare/smalare kor, og ho hadde ikkje mykje av utskjeringar. I ein synfaringsrapport frå 1673 er kyrkja skildra å vere «af Bindingsverk» (dvs. stavverk) og ha hjørnestolpar av eik og svalgang. Koret vart seinare gjort like breitt som skipet, slik at det framstod som ei forlenging av det. Kyrkja vart riven i 1881.

Inventargjenstandar frå stavkyrkja Ein antemensale frå 1200-talet er bevart i Oldsaksamlinga. Elles er sentrale etterreformatoriske inventargjenstandar overførte til Efteløt kyrkje etter å ha ligge på loftet i nye Komnes kyrkje. Dette gjeld altartavla (truleg frå 1787), døypefonten (frå 1639), preikestolen og ein klokkarbenk. To benkevangar med dør, to middelalderkister o.a. er overførte til Lågdalsmuseet på Kongsberg.

Kjelder Dietrichson, s. 531. Omtala i «Norges kirker», som skrildringa her byggjer på. Bibliografi Sigrid og Håkon Christie: Komnes kirke i «Norges kirker»

Jan Brendalsmmo og Jan-Erik G. Eriksson: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Buskerud fylke (Riksantikvaren, 2015), s. 7.

Bakgrunnsstoff

Nasjonalarkivet: Prestegjeld og sogn i Buskerud

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Kongsberg