Yoann Kowal () er ein fransk mellom- og langdistanseløpar som i 2014 vart europameister i 3 000 meter hinder og to år seinare tok bronsen i same øvinga.
Karriere Aktiv Kowal deltok i 2010 på 1500 meter ved friidretts-EM i Barcelona, og vart femtemann i finalen. Året etter sette han 8. juli personbeste på distansen med 3.33,7 i eit stemne i Paris. Etter å ha roke ut i semifinalane på 1500 meter både under verdsmeisterskapen 2011 og sommar-OL i 2012, valde han i staden å satse på 3 000 meter hinder.
Den 9. juni 2013 fekk Kowal i Rabat notert 8.12,5 i hinderløpet, ei tid som vorte ståande som personleg rekord. Seinare i sesongen kom han på åttandeplass i verdsmeisterskapen. Sommaren 2014 vann han gjennom ein frisk spurt EM-gullet på ordinære 8.26,6. OL-sesongen 2016 tok han bronsen i 3 000 m hinder under Amsterdam-EM og han vart nummer fem i sommarleikane i Rio de Janeiro. Under Berlin-EM 2018 var Kowal eit lite sekund for seint ute til å sikre seg ein ny EM-bronse i 3 000 m hinder.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2010 i Barcelona: Nr 5 på 1500 m – 3.43,7 VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane på 1500 m (3.37,4=nr 13) OL 2012 i London: Utslått i semifinalane på 1500 m (3.43,4=nr 21) VM 2013 i Moskva: Nr 8 i 3 000 m hinder – 8.17,4 EM 2014 i Zürich: Gullmedalje i 3 000 m hinder – 8.26,6, framom Krystian Zalewski (8.27,1) VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa i 3 000 m hinder (8.41,6=nr 20) EM 2016 i Amsterdam: Bronsemedalje i 3 000 m hinder – 8.30,7 OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 5 i 3 000 m hinder – 8.16,7 VM 2017 i London: Nr 13 i 3 000 m hinder – 8.34,5 EM 2018 i Berlin: Nr 4 i 3 000 m hinder – 8.36,7 VM 2019 i Doha: Utslått i kvalifiseringa i 3 000 m hinder (8.41,6=nr 20) EM 2022 i München: Nr 15 på 10 000 m – 28.17,3
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Yoann Kowal» frå , den 7. september 2019.
Bakgrunnsstoff
World Athletics Yoann Kowal i olympeida.org
Kategori:Franske hinderløparar Kategori:Franske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2013 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018