Berg kyrkje er ei langkyrkje frå 1955 i Senja kommune i Troms på yttersida av Senja. Byggverket er i betong. Arkitekt for kyrkja var Hans Magnus.

Altartavla er skore ut i tre og dekorert av Torvald Moseid. Det er eit triptykon med Kristus, Maria og apostelen Johannes i midtfeltet. Sidefelta har to apostler på kvar. Moseid har òg utført glasmåleria i kyrkja, som har motiv frå Jesu liv.

Både preikestolen og døypefonten er i tre og frå året då kyrkja vart ferdigstilt. Orgelet er eit pneumatisk orgel frå Vestre orgelfabrikk.

Kyrkja har ein takryttar med ei klokke frå O. Olsen & Søn. Klokka har inskripsjonen «Land, Land, Land, Hør Herrens Ord».

Kyrkjehistorie mini|venstre|Slik såg Berg kyrkje ut frå 1884 til tyskarane reiv kyrkja i 1942. Dagens kyrkje er om lag den tredje kyrkja på Berg. Mellomalderkyrkja stod på Kjerkeberget lengre nordvest. Denne kyrkja vart skildra som falleferdig på 1600- og 1700-talet, og det var ynskje om å flytte kyrkjestaden, men i 1780 eller 1781 vart ei ny kyrkje oppført på same staden. Dette var ei lafta langkyrkje. Kyrkja vart vøla og fekk vesttårn og sakristi i 1844, og i 1884 vart ho ombygd og utvida igjen.Brendalsmo & Eriksson, s. 31.Riksantikvaren: Berg gamle kirkested Denne kyrkja vart riven av tyskarane i 1942.Berg kommune: Tilbakeblik på okkupasjonstida Dagens kyrkje står på Skaland (gnr. 10), et stykke søraust for der dei tidlegare kyrkjene stod.

Noregs første kvinnelege prest, Ingrid Bjerkås, var sokneprest i Berg i 1961–65. Hun var stolt, tøff og modig. 50-års jubileum for Norges første kvinnelige prest (nrk.no, 17. juni 2011)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Berg kirke (Skaland)» frå , den 11. september 2019.

Jan Brendalsmo og Jan-Erik G. Eriksson: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Troms fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 31–32

Bakgrunnsstoff

Berg kyrkjelyd

Fotnotar

Kategori:Kyrkjer i Senja prosti Kategori:Kyrkjer i Senja Kategori:Kulturminne i Senja Kategori:Norske kyrkjer frå 1955