Mosfilm (russisk skrift Мосфильм) er eit russisk filmselskap.

Mosfilm blei oppretta i 1920 då to private selskap blei nasjonaliserte. Det er rekna som det største og eldste filmselskapet i Russland og Europa som enno er verksamt. Det fekk sitt noverande namn i 1935. Selskapet var involvert i dei fleste store filmane frå Sovjetunionen og produserte omkring 2500 filmar i mange sjangrar fram til 1991 — til dømes montasjefilm og kunstfilmar som dei av Sergei Eisenstein og Andrej Tarkovskij, og dessutan kommunistiske westernfilmar og større internasjonale samproduksjonar.

Etter at Sovjetunionn fall heldt selskapet fram som ei halvprivat verksemd. Mosfilm driv i dag blant anna utleige av filmutstyr, kostyme, rekvisittar og lokale. Studioområdet er òg blitt eit anlegg for populære sightseeingturar som «Russlands Hollywood».

Frå 1947 var Vera Mukhina sin monumetale stålstatue «Arbeid og kolkosarbeiderske», opphavleg frå 1935 og utført i sosialistisk realisme, logo og vignettbilete for Mosfilm.

Filmar i utval mini|venstre|Den berømte trappescenen frå Sergej Eisenstein sitt meisterverk Panserkrysseren Potemkin, ein dramatisert dokumentarfilm produsert av Mosfilm i 1925 mini|venstre|Frå Mosfilm sin musikalkomedie Hele verden ler frå 1934

1925: Panserkrysseren Potemkin (Броненосец Потëмкин), dramatisert dokumentar, regi Sergej Eisenstein 1934: Hele verden ler (Весёлые ребята), Sovjetunionens første musikalkomedie 1935: Aerograd (Аэроград), science fiction-film, regi Aleksandr Dovsjenko 1938: Volga-Volga (Волга-Волга), musikalsk komedie 1938: Aleksandr Nevskij (Александр Невский), historisk drama, regi Eisenstein 1941: De møttes i Moskva (Свинарка и пастух), musikal 1946: Ivan den grusomme (Иван Грозный), historisk drama, regi Eisenstein 1957: Og tranene flyr (Летят журавли), krigsfilm, regi Mikhail Kalatozov 1959: Historien om en soldat (Баллада о солдате), krigsfilm, regi Grigorij Tsjukhraj 1961: De flammende år (Повесть пламенных лет), regi: Julia Solntseva 1964: Soy Cuba (Я – Куба) 1968: Krig og fred (Война и Мир) 1969: Brødrene Karamasov (Братья Карамазовы) 1973: Tidsmaskinen (ван Васильевич меняет профессию), regi: Leonid Gajdaj 1975: Afonja (Афоня) 1975: Dersu Uzala (Дерсу Узала/Dersu Uzala), regi Akira Kurosawa 1976: Med Grimm og Gru (Мама), regi Elisabeta Bostan 1977: Mimino (имино) 1979: Moskva tror ikke på tårer (Москва слезам не верит) 1979: Stalker (Сталкер), regi Andrej Tarkovskij 1983: Nostalgia (Ностальгия), regi Andrej Tarkovskij 2002: Zvezda (Звезда)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Mosfilm» frå , den 13. september 2019.

Bakgrunnsstoff Nettpresentasjon av Mosfilm (på engelsk)

Kategori:Filmstudio Kategori:Skipingar i 1920 Kategori:Russiske føretak Kategori:Sovjetiske føretak