Jevgenij Aleksandrovitsj Arzjanov () er ein tidlegare mellomdistanseløpar frå Kalusj i Ukraina. Han vart europameister på 800 meter i 1971 og vann OL-sølv 1972 som representant for Sovjetunionen.

Aktiv OL-sesongen 1968 sette Arzjanov personbeste med 1.47,2. Han kvalifiserte seg til semifinale i sommarleikane i Mexico-byen, stilte likevel ikkje til start. Året etter vart han fjerdemann på distansen ved EM i Aten på tida 1.47,1. Våren 1970 vann han i Wien ein klar siger på 800 meter i det fyrste offisielle innandørs-EM. Den 2. juli 1970 forbetra Arzjanov i Kiev den sovjetiske rekorden på distansen med sju tidels sekund til 1.45,5, ei tid heilt i verdstoppen. I innandørs-EM 1971 i Sofia var han i ei heilt eiga klasse og vann på 1.48,7.

Under europameisterskapen 1971 i Helsinki sigra Arzjanov på 1.45,6, med austtyske Dieter Fromm 0,4 sekund bak. OL-sesongen 1972 forbetra Arzjanov ved eit stemne i Moskva den 17. august sovjetrekorden til 1.45,3, hans livs beste løp. Han var største favoritten til OL-gullet på 800 meter to veker seinare, og tok på sisterunda leiinga i finaleløpet. Kort før mål låg han enno i tet, for så å verte passert av Dave Wottle frå USA straks før mållinja. Etter eit løp på 1.45,89 måtte Arzjanov så seg slått med 0,03 sekund.

I 1973 vann Arzjanov 800-meteren i universiaden på 1.46,88. Han vart elles sovjetmeister på 800 meter i 1970, 1971 og 1973.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1968 i Mexico-byen: Utslått i semifinalane (=nr 15) EM 1969 i Aten: Nr 4 – 1.47,1 EM 1971 i Helsinki: Gullmedalje – 1.45,6, framom Dieter Fromm (1.46,0) OL 1972 i München: Sølvmedalje – 1.45,89, bakom Dave Wottle (1.45,86)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jewgeni Alexandrowitsch Arschanow» frå , den 17. september 2019.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske mellomdistanseløparar Kategori:Ukrainske mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972