mini|Det amerikanske senatet samla Eit overhus eller førstekammer er det øvste kammeret i ei politisk forsamling med to kammer; det andre er underhuset eller andrekammeret. Overhuset deler lovgjevande makt med underhuset.
Overhus i Noreg Fram til 1. oktober 2009 hadde det norske Stortinget to kammer. Odelstinget som utgjorde 3/4 av Stortinget fungerte då som underhus medan Lagtinget (1/4 av Stortinget) hadde funksjonen som overhus. Oppgåva til lagtinget var å kvalitetssikra lovar"Møte torsdag den 18. juni 2009 kl. 03.24", Ola Borten Moe, (innlegg på lagtingets siste møte) og å senda dei attende til Odelstinget for ny handsaming dersom dei ikkje var nøgde.Grunnloven fra 1814, §76
Christian Magnus Falsen og Johan Gunder Adler ønskte i si tid ei ordning der Lagtinget bestod av jordeigarar over 30 år valde inn for 6 år om gongen, medan Odelstinget blei valt for 2 år av gongen. Ordninga med to hus blei innført, med knappast mogleg margin, men berre todelinga gjenstod etter vidare handsaming."Møte torsdag den 18. juni 2009 kl. 03.24" , Inge Lønning (siste innlegg på lagtingets siste møte) Ordninga med to hus blei freista endra eller avskaffa fleire gonger. I 1932 bad Stortinget regjeringa om å vurdera «opphevelse av Stortingets avdelinger». I 1936 kom svaret frå regjeringa i form at eit forsvar for ordninga med to kammer, og debatten om i kva grad eit overhus var viktig og rett blei halden i live fram til vedtaket 20. februar 2007 som avskaffa lagtinget.
Døme på overhus
Det britiske Overhuset i Storbritannia Landstinget i Danmark Senatet i USA Forbundsrådet i Tyskland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Overhus» frå , den 18. september 2019.
Kategori:Lovgjevande forsamlingar